nyhende

Styreleiar i Førde bygdalag, Tor Inge Flåten, framfor tinghuset i Førde. Bygdalaget har nå fått eit fylkeskommunalt tilskot på 70.000 kroner til reparasjon av taket. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Styreleiar i Førde bygdalag, Tor Inge Flåten, framfor tinghuset i Førde. Bygdalaget har nå fått eit fylkeskommunalt tilskot på 70.000 kroner til reparasjon av taket.

170.000 til kulturminnevern i Sveio

Sveio har fått den største enkeltsummen når Vestland fylkeskommune no har fordelt 1,7 millionar kroner til vern av kulturminne mellom 20 kommunar.

Publisert Sist oppdatert

Sveio sin del er 170.000 kroner, fordelt på to prosjekt. Det eine er tinghuset i Førde, som har fått 70.000 kroner til nytt tak.

Det andre er eit sjøhus frå 1910 i Valevåg. Tildelinga er på 100.000 kroner.

Tetting og utskifting av tak

Tinghuset i Førde, som tilhøyrer Førde bygdalag, har fått tilskot til nytt tak. Her er det både snakk om tetting og utskifting av gammalt eternittak med teglstein. Prosjektet er kostnadsrekna til 440.000 kroner. Søknadssummen til fylkeskommunen var 170.000 kroner.

Johnny Lønning, skrivar i styret for Førde bygdalag, er glad for tilskot fra fylkeskommunen sjølv om tildelinga er 100.000 kroner under det dei søkte om. Bidraget fra  Kulturminnefondet kjem også godt med.

I tillegg har bygdelaget fått tilsagn om 100.000 kroner fra UNI-stiftelsen, men den summen blir først utbetalt når heile restaureringa av tinghuset er fullført.

Einaste i sitt slag

Sjøhuset i Valevåg er det einaste i sitt slag i Sveio. Det hadde opphavleg butikklokale og lager i første høgda og husvære i andre. Planane er å oppgradera bustaddelen og bruka første høgda til eit enkelt forsamlings- og selskapslokale.

Det originale helletaket og pipa er bevart, og alle dør- og vindusopningar blir bevarte gjennom restaureringsprosessen. Den omsøkte delen av prosjektet er kostnadsrekna til 1,1 millionar kroner. Søknadssummen var her 332.000 kroner.

— Har kome godt ut

Frå Sveio blei det også søkt om tilskot til to andre prosjekt, som ikkje nådde opp i denne omgang. Det eine gjeld takarbeid på eit våningshus frå 1800-talet i Eidsvåg på Tittelsnes og det andre sikring av tak og yttervegg på ei løe frå tidleg 1900-tal på Nesheim. Prosjektet på Tittelsnes er kostnadsrekna til nær 511.000 kroner, og søknadssummen var her 150.000. Sikringsarbeidet på Nesheim er kostnadsrekna til 1,1 millionar kroner. Søknadssummen var her 100.000 kroner.

— Sveio har kome godt ut denne gongen, med tanke på kom lite pengar
fylkeskommunen har til fordeling. Eg skulle sjølvsagt ønskt større summar til kvart prosjekt, også dei som ikkje nådde opp denne gongen, men som er svært gode prosjekt, seier kulturkonsulent Ellen Urheim Tveit i Sveio kommune.

Får meir pengar

Når det gjeld tinghuset i Førde, gler ho seg over at dette prosjektet også har fått 300.000 kroner frå Kulturminnefondet til restaurering av tinghuset.

Tveit legg også til at Sveio kommune har 30.000 kroner på budsjettet for 2023 til vern av kulturminne. Desse pengane er enno ikkje fordelte.

— Elles har kommunane i Sunnhordland nettopp fått melding frå Riksantikvaren om at
me får tilskot til ein plan som skal utarbeidast om ny bruk av sjøhus i regionen. Sjøhuset i Valevåg som nå har fått midlar frå fylkeskommunen, blir med i denne planen, seier Ellen Urheim Tveit.

Powered by Labrador CMS