nyhende
– 17 millionar er for lite til alle veteranskipa i Vestland
Hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune har fordelt vel 17 millionar kroner til verna og freda fartøy. 17 fartøy har fått støtte til sikring og istandsetjing.
I tillegg har 15 fartøy fått til saman tre millionar kroner til forvaltning og drift.
– 17 millionar kroner er altfor lite til alle dei freda og verna fartøya i Vestland, seier sveibuen Jarle Møllerhaug.
– Tar for lite ansvar
Han meiner det offentlege medverkar altfor lite til å ta vare på den kulturarven som veteranskipsflåten representerer. Møllerhaug er snøggbåtkaptein og brukar mesteparten av fritida si som kaptein på veteranskipet «Sunnhordland».
«Sunnhordland» har ved årets tildeling fått 450.000 kroner til sikring og istandsetjing og 250.000 kroner til forvaltning og drift. Søknadssummen var 1,2 millionar kroner berre til sikring og istandsetjing.
Store oppgraderingar
– Me hadde ikkje klart oss utan dei velståande eigarane Trygve Nilsen og Kjell Fylkesnes, som gong på gong har gått inn med pengar. Men dei trudde nok også at dei skulle få meir offentleg støtte då dei kjøpte ærverdige, gamle «Sunnhordland» heim igjen frå Finland, seier Møllerhaug.
Han påpeikar også at skipet deltar i ei rekke samfunnsnyttige tiltak som for eksempel øvingar i samband med undervisning. Dette kjem i tillegg til sjølve verneverdien. Samstundes legg han til at det er gjort store oppgraderingar om bord, slik at båten er i mykje betre stand no enn enn då han blei henta heim.
Flest veteranskip i landet
Vestland er det fylket i landet som har flest veteranskip. Ingen av dei som har fått tilskot via fylkeskommunen dette året er heimehøyrande i Sveio. «Sunnhordland» er truleg det skipet på lista som ein god del sveibuar har det næraste forholdet til.
Andre kjende fartøy som har fått tilskot i år, er den gamle bilferja «Folgefonn I», som i mange år gjekk i rute på Valevåg. Ho har fått 1,4 millionar til sikring og istandsetjing, og dessutan tilsagn om ytterlegare ein million i 2025. «Folgefonn I» tilhøyrer i dag Hardanger og Voss museum og er under restaurering på Bredalsholmen i Kristiansand.
Andre kjente båtar som også har fått tilskot, er «Granvin», «Stord I» og «Skånevik» frå HSD-flåten, og lasteskipet «Nyborg» og den tidlegare bokbåten «Epos».