nyhende
17. mai blir ein vêrfest over nesten heile landet
Så godt som heile landet kan sjå fram mot ei varm 17. mai-feiring. Unntaket er Finnmark som også må belage seg på snøbyer når helga nærmar seg slutten.
«Heile kysten Lindesnes til Hammerfest i nord – no blir det sol, sol, sol». Teksten frå Strikks kjende song «Sol» passar nesten perfekt for vêrutsiktene i landet dei neste dagane.
– Ikkje heilt til Hammerfest, men kanskje heilt til Alta, seier vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis til NTB.
«Kaldast» på Sørlandet
Så godt som heile landet kan sjå fram mot ein god og varm 17. mai, men også før bunaden skal på, kan ein nyte sommarlege temperaturar. For finvêret held fram – og det strekkjer seg langt nord.
Er ein i Sør-Noreg og vil kjøle seg ned torsdag, kan ein ta ein tur til Sørlandet. Her blir det «berre» 22 grader. Varmast blir det i Trøndelag med 28 grader.
Også Nordland vil nå 20-talet, Troms får 18, medan det i Finnmark er det venta rundt 10 grader i indre strøk.
Opp mot 28 grader
Fredag ser ut til å bli ein rein fest også vêrmessig – og ifølgje meteorologen er det ikkje ofte at ein så stor del av landet får så fint vêr på nasjonaldagen.
– På Austlandet og Vestlandet blir det opp mot 25 grader, medan Midt-Noreg og Trøndelag får det varmast med 28 grader, seier Sarchosidis.
Også lenger nord får ein ta del i finvêret 17. mai. Dei varmaste stadene i Nordland vil bikke 25 grader, men også Troms vil nå 20-talet.
Men så er det stopp – for skiljet ser altså ut til å gå i Finnmark.
Kan bli den varmaste nasjonaldagen
– Vidda og Alta får rundt 16 grader. Men når vi kjem til Hammerfest, som songen seier, blir det ikkje like varmt, seier meteorologen og fortel:
– Hammerfest, Honningsvåg, kysten av Finnmark og austover mot Kirkenes blir det mellom tre og sju grader.
Den gode nyheita for dei lengst i nord er at nedbøren 17. mai vil gi seg gjennom dagen.
Og i sør vil fleire stader få ein av dei tre varmaste 17. mai-temperaturane sine så lenge Meteorologisk institutt har målt.
– Og somme stader får sin varmaste nasjonaldag så lenge målingane har gått føre seg, seier Sarchosidis.
Sommarvêr i sør – snøbyer i nord
Når 17. mai-festen er unnagjord, held sommartemperaturane fram på Sørlandet og Austlandet. Det gjer det derimot ikkje på Vestlandet, i Midt-Noreg og oppover.
Ifølgje meteorologen vil eit lågtrykk i nord ta med seg kjølige luftmassar frå havet og ned til Vestlandet. Det betyr at heile Nord-Noreg og ned til Vestlandet vil få lågare temperaturar.
– Trondheim går frå 25 grader fredag til 12 grader på søndag, så det er eit skikkeleg temperaturdropp, seier Sarchosidis – som oppmodar folk i Nord-Noreg til å nyte godvêrsdagane medan ein har dei.
– Frå søndag blir det vinterleg, og snøbyene vil returnere. Det blir ein nedtur frå 20 plussgrader til snøbyer, så ein må passe på å verkeleg nyte helga, seier Sarchosidis.
Fare for gras- og lyngbrann
Meteorologen minner om at sol og varme fører til at det blir tørt – og dermed fare for gras- og lyngbrann.
For delar av Austlandet, Sørlandet, Vestland og Rogaland har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel.
– Og det blir jo berre tørrare så lenge det ikkje kjem noko nedbør, seier meteorologen.