nyhende

Frå venstre Marianne Bårdsen Lønning, Guro Røher Eriksen og Alfhild Vikse. Foto: Privat
Frå venstre Marianne Bårdsen Lønning, Guro Røher Eriksen og Alfhild Vikse.

16.000 kroner til matgåvekort

Måndag fekk Sveio frivilligsentral resultatet av Sveio Lions sin damens aften. Og det vil koma dei som treng litt ekstra til gode fram mot jul.

Publisert Sist oppdatert

Heile 16.000 kroner gjekk damenes aften i overskot.

– Det blei ei eit veldig bra resultat, ikkje minst takk vera eit formidabelt loddsal. Me vil takka både damene som deltok og alle andre som bidrog, seier Marianne Bårdsen Lønning.

Kjem til nytte fram jul

Saman med Alfhild Vikse overleverte måndag ho ein symbolsk sjekk frå Sveio Lions til dagleg leiar i Sveio Frivilligsentral, Guro Røher Eriksen.

– Det er veldig kjekt at me får glede av desse pengane. Kirkens bymisjon sin nasjonale juleaksjon, som Sveio også er ein del av, går i år meir mot aktivitetar. Men Sveio Lions har kjøpt matgåvekort for pengane som vil bli delt ut lokalt. Det blir heil sikkert sett stor pris på fram mot jul hos dei som treng det, seier Eriksen.

Kan framleis gi lokalt

– Sveibuane har vore flinke til å bidra til julegåvetreet tidlegare år. Kva skal dei gjera no om dei ønsker å gi?

– Då vippsar ein til den nasjonale aksjonen. Me har ikkje noko form for innsamling, men om ein ønsker å støtta lokalt kan ein på eige initiativ kjøpa gåvekort gi dei til oss. Me vil sørga for, saman med samarbeidspartnarane våre, at dei blir delt ut der det er behov, seier Eriksen.

Powered by Labrador CMS