nyhende
15 personar omkom i trafikkulukker i juli
15 personar mista livet på norske vegar i juli. Dette er fire fleire enn i fjor. Så langt i år har 67 personar omkomne i trafikken.
– Sommaren er høgsesong for alvorlege trafikkulukker, og me oppmodar alle til å vere ekstra merksame i trafikken når me no går inn i den siste sommarmånaden, seier direktør Nils Karbø i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Færre enn i fjor
Hittil i sommar – i juni og juli – har 27 personar omkomne i trafikken, viser Vegvesenet sine førebelse tal. Det er to færre enn i fjor.
I 2022 omkom 47 personar i sommarmånadene juni, juli og august.
Nesten halvparten av alle dødsulukkene så langt i år har vore møteulukker. 30 av dei 67 omkomne har omkomme i ei møteulukke. Samtidig har talet på omkomne motorsyklistar vorte nesten halverte, frå 17 i fjor på same tid til ni så langt i år.
Flest menn
Menn er framleis overrepresenterte i statistikken, sjølv om talet på kvinner har stige noko. I fjor omkom 51 menn og 14 kvinner frå januar til og med juli, mot 48 menn og 19 kvinner så langt i år.
Innlandet og Nordland er hardast ramma så langt i 2023, med høvesvis elleve og ti omkomne. Viken, Rogaland og Trøndelag følger tett på med ni omkomne. I Vestland var det tre dødsulukker.
Fylkene med færrast dødsulukker er Agder og Møre og Romsdal med tre, og Vestfold og Telemark med to omkomne. I Oslo er det ingen omkomne i trafikken hittil i år.