nyhende
140.000 ulike fornamn-variantar i bruk i Noreg
Det er nesten ingen som heiter Jonas i Austevoll. Og i bygdene på Ytre Søre Sunnmøre er det heilt spesielle fornamns-kombinasjonar. I Årdal og Høyanger er det meir vanleg med kallenamn enn andre stader, medan i Hallingdal er det veldig mange som heiter Sander. Kvifor er det slik?
Alt dette og meir til kan vi finne svar på i boka «Navn i Norge» av den Vestfold-busette bergensaren Kjetil Bergmann Olsson. Han er derimot ikkje namnegranskar, men ein økonom som til dagleg jobbar hos Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB) i Tønsberg.
– Eg har alltid vore interessert i namn. Eg har ein kamerat som byrja med å granske ord og som enda opp med å lage Etymologisk ordbok. Han er også svært interessert i namn, og vi har snakka mykje om fornamn opp gjennom åra. Eg er litt talnerd og statistikk-interessert, og det var slik planane om å lage ei bok om fornamna våre kom opp, fortel Bergmann Olsson til Nynorsk pressekontor.
Namn frå kongar og bibelhistoria
Vi møter han i den gamle kongebyen Tønsberg, den eldste byen i Noreg. Fleire kopiar av vikingskip ligg og speglar seg i vassflata ved brygga.
– Og dei gamle kongenamna og namn frå vikingtida held framleis stand i statistikken over dei beste brukte namna, fortrur han oss.
Men det er dei bibelske namna som er mest populære her i landet, spesielt blant gutar. Nesten i takt med at stadig færre går i kyrkja eller reknar seg som personleg kristne, så aukar bruken av bibelske namn. I 1950 var det berre 1,5 prosent som fekk namn frå Bibelen. Dei siste åra har populariteten auka, og no er prosentdelen bibelske gutenamn på rundt 20 prosent.
Nora sidan 1811
Dei bibelske namna Jakob og Noah er dei mest populære gutenamna i dag, medan dei ikkje-bibelske Nora og Emma er mest populære namn for jenter. Den gjennomgåande trenden for jentenamn er a-endinga. I 1947 fekk 12,5 prosent av jentene namn med a-ending, medan i dag er det over 50 prosent.
Nora har vore kjent i Noreg sidan 1811. Populariteten dalte fram mot 1980-talet, men frå midten av 1990-talet auka interessa igjen saman med andre korte namn med a-ending. Bergmann Olsson meiner Nora kan ha vore gitt som eit symbolsk namn på Noreg, slik Dana er for Danmark og Svea for Sverige.
TV-serien «Friends»
– Emma fann i si tid vegen til toppen først og fremst fordi det oppfylte popularitetskriteria som var i tida. Det var kort, fungerte internasjonalt og hadde a-ending. I tillegg vart namnet hjelpt fram av TV-serien «Friends». Meir eller mindre parallelt med at Rachel og Ross i serien gav barnet sitt namnet Emma, skaut det fart på norske namnelister, fortel Bergmann Olsson.
Han synest det er litt rart av vi er så mange med same fornamn her i landet når det trass alt er så mange variantar å velje i.
– Det overraska meg at vi deler namn i så stor grad. Dei 50 vanlegaste fornamna, med Jan og Anne i spissen, har nesten 1,8 millionar berarar. Samstundes har vi ein stor namneflora med over 40.000 fornamn å velje mellom. Talet på unike fornamn, der kvar skrivemåte blir rekna som eit namn, er per 2023 over 140.000, seier han.
Jonas og kvalen
Men tilbake til eksempla vi nemnde i starten. Jonas er eit vanleg fornamn her i landet, vi har til og med ein statsminister som heiter det. Men det viser seg at Jonas tradisjonelt har vore eit svært uvanleg namn i typiske sjøfartskommunar, slik som i Austevoll i Midthordland. Og truleg også andre stader langs vestlandskysten.
Jonas (Jona) er eit bibelsk namn, og bibelske namn er vanlege langs kysten i resten av landet. Men den dramatiske historia om Jonas handlar om at han – på flukt frå Gud – vart kasta av båten han var på og slukt av ein kval. Han overlevde i tre døgn i kvalmagen, før han kom seg ut og vart skylt på land.
– Det som skjedde med Jonas, med havariet og historia med kvalen, gjorde at det vaks fram ei tru om at namnet ikkje eigna seg for fiskarar og andre sjøfarande. Eksempelet mitt er frå Austevoll, og for nokre år sidan snakka eg med ein fiskeskipper derfrå om dette. Han sa at han ikkje visste om namnet Jonas hadde ført ulukke med seg, men at dei likevel ikkje torer å kalle gutane sine for det, seier forfattaren.
Skipperen fortalde at det dei siste åra er nokre få gutar som har fått namnet Jonas i kommunen, men litt humoristisk sa han at var usikker på om han ville ha nokon av dei som mannskap på båten sin.
Sunnmørsk særtrekk
Bruken av dobbeltnamn har vore klart mest vanleg langs kysten av Nord-Noreg og på Vestlandet. I Hadsel i Nordland hadde 97 prosent av alle menn og 99 prosent av alle kvinner dobbeltnamn på slutten av 1800-talet. I Skjåk i Oppland hadde berre 5,7 prosent av mennene og 9,7 prosent av kvinnene dobbeltnamn i perioden 1900 til 1915.
I kystkommunar på Sunnmøre, som Herøy og Ulstein, finn ein mange spesielle kombinasjonar med doble fornamn. Det vanlege er at det kortaste namnet kjem først, slik at det blir meir rytmisk. Men det er ikkje alltid slik i dette området. Kjetil Bergmann Olsson har funne eksempel som Geir Rolf, Kristine Sissel, Snefrid Margrethe, Ragnhild Bjørg, Harry Emil, Jarle Knut, Magne Birger og Johnny Per. Vi kjenner også mange av desse litt spesielle kombinasjonane frå humoruniverset til Hildegunn Moltubakk (Fredrik Steen), slik som Leif Per og Ellinor-Liv.
– Det er langt fleire doble fornamn langs kysten enn i innlandet. Det trur eg har med at kystfolket har hatt mykje meir kontakt med omverda enn dei inne i landet. Doble namn var langt meir vanleg i andre europeiske land enn i Noreg. Så dette er nok impulsar som sjøfolk har teke med seg tilbake til heimlandet, seier Bergmann Olsson, men kan ikkje forklare kvifor det er så mange uvanlege namnekombinasjonar akkurat på Sunnmøre.
Kallenamn
Kjetil Bergmann Olsson har også sett på skikken med kallenamn. Mange stader har ein rik tradisjon for slike namn, slik som i industribygdene Høyanger og Årdal i Sogn.
I Årdal kan du møte på folk med kallenamn som Bom Bom, Elgen, Pastoren, Ronkaren, Tassen, Diesel-dyret, Fyllmassa, Pikklaus, Smukka, Turisten, Donald, Fantomet, Obersten, Småtten, Ugla, Dagros, Greven, Stomperuden, Søten, Verdsmeisteren, Dobbeltstyggen, Krølle, Nullet Tante Pose, Dritaren, Koma, Reven, Flotta, Døyparen, Kula, Spikaren og Stalin.
Frå Høyanger er det personar som er blitt kalla Søten, Pikklis, Tjomsen, Tuppen, Brutus, Tomsekken, Leggen, Syredunken og Sjiraffen.
Slike kallenamn var nok meir vanlege tidlegare, men ifølgje lokale kjelder lever tradisjonen vidare i mindre utstrekning enn før.
Sander Sanderson
I hallingbygdene Gol og Ål er gutenamnet Sander blitt spesielt.
– På 1500-talet kom ein skotte med namn Sander Sanderson flyttande til Ål. Opp gjennom hundreåra vart Sander eit vanleg namn i Hallingdal, men det var først rundt 1900 at namnet starta på ein opptur som gjorde det til det fjerde mest populære i 2000. I dag er Sander er svært populært namn i heile landet, fortel Bergmann Olsson.
Forfattaren har i boka teke føre seg alle dei mest vanlege namna her i landet, dei som er mest i vinden, men også namn i fleire andre kategoriar.