nyhende

tinghuset i førde
Tinghuset i Førde får ny eigar.

140 år gamalt bygg seld for 1 krone

Kommunestyret har beslutta å selja Tinghuset i Førde. Den nye eigaren er Førde bygdalag.

Publisert Sist oppdatert

Førespurnaden om å få overta Tinghuset kom til kommunen tidlegare i år. Bakgrunnen for spørsmålet er at det er oppretta ei interimgruppe for rehabilitering av huset. Den midlertidige gruppa har eit forprosjekt som blant anna har fått 50 000 kroner i støtte frå Liv og Lyst Vestland.

Interim-gruppa, som ønskjer å leggja seg under bygdalaget som eit prosjekt, består mellom anna av medlemmer i bygdalaget, og Førde Kvinne- og familielag, sistnemnde er brukar av bygget i dag.

Bygget som er frå 1881 har behov for større rehabilitering. Tanken er at bygget skal vera tilgjengeleg for lokale lag, foreiningar og organisasjonar. Utleige til private er også ein moglegheit.

Renovering

Interim-gruppa si målsetting er å føra bygget tilbake til opphaveleg utføring, med m. a. skifte av tak, kledning, vindauge og dørar. Bygdalaget melder at dette også er i deira interesse, da det er ein spesiell bygning i lokalsamfunnet. Dei syner til at dei har, i lag med bygdafolket, eit stort ønske om at tinghuset blir godt tatt vare på.

– Me er veldige glade for at me fekk kjøpa det. Når det gjeld renovering må me leggja ein plan i lag med interimgruppa, seier leiar i Førde bygdalag, Tor Inge Flåten.

Dronefoto over Førde sentrum, 21. april 2021.

Eigedommen i Tingvegen 50 med  gnr. 121 bnr. 28 er oppgitt å vera 329 kvadratmeter. Verdi er av meklar er vurdert til 300 000 kroner.

Forkjøpsrett

Førde Bygdalag har lagt ned ein stor innsats for å vidareutvikle bygda og rådmannen meiner salet av bygget kan vera positivt med tanke på vidare utvikling og engasjement i bygda.

Dersom bygdalaget på eit seinare tidspunkt ønskjer å selja eller overdra bygget til andre, har Sveio kommune forkjøpsrett. Dersom det skulle skje at bygdalaget blir nedlagt, vil eigedomen tilfalla kommunen kostnadsfritt.

Powered by Labrador CMS