nyhende
13 millionar meir til Sveio
Omlegginga av inntektssystemet for kommunane, som regjeringa foreslår, ser ut til å medføra at Sveio får vel 13,3 millionar meir i overføringar i 2025. Det tilsvarar vel 2.305 kroner per innbyggar.
Desse tala er henta frå ein oversikt som Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt ut. Ordførar André Mundal Haukås (H) var litt forsiktigare då me snakka med han for ei stund sidan.
Ordfdøraren rekna også med auka overføringar og nemnde talet elleve millionar. Samstundes understreka han at han på det tidspunktet ikkje hadde full oversikt.
– Svært positivt
– Det er svært positivt at me ser ut til å få meir frå neste år, seier ordføraren i dag.
Etter det nye systemet skal ingen kommune liggja under 95 prosent av gjennomsnittleg skatteinntekt. Tidlegare har denne prosentsatsen vore 93.
– Målet er at alle kommunar skal vera i stand til å gi eit likeverdig tilbod,om det så er skule, eldreomsorg eller andre tenester, sa kommunalminister Erling Sande (Sp) ifølge NRK då han presenterte forslaget til nytt inntektssystem for kommunane.
Frå rike til fattige
Forslaget går ut på å ta to milliardar kroner frå dei rikaste kommunane og gi til dei fattigaste. Træna kommune er den store vinnaren av omlegginga ved å få ein auke på 19.125 kroner per innbyggar. Av lokale kommunar høgt oppe på lista er Bokn på fjerdeplass med 6.964 og Utsira på femteplass med 5.248 kroner per innbyggar.
Den som taper mest er Frøya kommune, som må gi frå seg 13.030 kroner per innbyggar. På tredje plass er Austevoll, som må gi frå seg 5.547 kroner.