nyhende

Politi
Kraftige smell heldt naboar vakne natt til måndag.

13 døydde på vegane i mai

Så langt i år har 40 personar mista livet i på norske vegar. Det er fire fleire enn til same tid i fjor. I mai mista 13 personar livet i trafikken.

Publisert Sist oppdatert

Blant dei døde i mai var ti menn og tre kvinner. Tre av dødsulukkene var MC-ulykker, og i seks ulukker var tunge køyretøy involverte. Seks døydde som følgje av utforkøyring, medan fire mista livet i møte med eit anna køyretøy.

For året under eitt er kjønnsfordelinga 33 menn og sju kvinner. Seks av desse var fotgjengarar, fem døydde på MC og 23 omkom i personbil. Det viser Statens vegvesens førebelse ulykkestal.

Like mange unge døyr som for 10 år sidan

Ein tendens er at like mange unge døyr no som for ti år sidan.

— Etter fleire år med nedgang i talet på unge menneske som døyr på vegane, ser vi i år ein auke. Vi må ti år tilbake for å finne høgare tal for gruppa 16 til 24 år, seier Guro Ranes, leiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

— Det opplevast spesielt meiningslaust når unge menneske, med livet framfor seg, døyr i trafikken, seier ho.

Flest i Innlandet og Rogaland

I Innlandet har ni personar mista livet i trafikkulukker så langt i år. Det er seks fleire enn i fjor, som gjer dette til den verste starten på eit trafikktryggleiksår i fylket på meir enn ti år. Åtte av desse ni ulykkene var møteulykker.

— Innlandet er eit stort fylke i areal med mykje gjennomfartstrafikk. Det har vore kraftige møteulykker, og i to av ulykkene omkom fleire personar, seier Christoffer Solstad Steen, pressesjef i Trygg Trafikk.

I Vestland har det vore to dødsulukker i år. Rogaland har så langt i år sju trafikkdøde, der fem var utforkøyringsulukker.

Oslo, Vestfold og Telemark har så langt ingen døde i trafikken i år.

Femte beste året

2022 omkom 116 personer i trafikken i Noreg, ein auke sammenlikna med 2021, men likevel er fjoråret det 5. beste året som nokon gong er registrert.

Dette tilsvarar 2,1 drepte per 100.000 innbyggarar. Sverige, som dei siste årene har vore nummer to etter Noreg på trafikktryggleik, har 2,2 drepte per 100.000.

Sjølv om talet på hardt skadde også auka i 2022, er dette det tredje beste året som er registrert etter 1970. 578 personar blei hardt skadd i trafikken i 2022, mot 569 året før.

Powered by Labrador CMS