nyhende
13 døde i trafikken i juni – over halvparten er MC-ulykker
I løpet av dei første månadane i år omkom 51 personar i trafikken. Det er fem flere enn i fjor, då 46 omkom første halvår. Av dei 13 som mista livet på vegane i juni, døde sju i MC-ulykker.
Dette viser Statens vegvesen sine foreløpige ulykkestal.
Etter vårens mange MC-dødsfall på vegane, mange av dei unge gutar på lett motorsykkel, manar Guro Ranes, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, til å vera ekstra årvaken inn mot sommarferien.
– Må vera ekstra skjerpa
– Eg er uroleg etter at 13 menn allereie er omkomne i MC-ulykker i år, seier ho, og dette før sommarferien er kome heilt i gang.
– Sommaren er historisk sett tida med flest alvorlege ulykker samanlikna med resten av året. Me er fleire på vegane, og me køyrer er på stadar me kanskje aldri har vore før. Difor må me alle vera ekstra skjerpa i sommartrafikken. Køyrer du MC er du ekstra sårbar og må visa særleg aktsemd og køyra etter eigne ferdigheiter, sier Ranes.
Ho oppfordrar alle trafikantar til å halda fartsgrensene, køyra etter forholda, bruka bilbelte og køyra rusfritt. Dersom alle gjer det, er sjansen stor for ein trygg og god sommer.
Ulykkestal første halvår
36 menn og 15 kvinner har mista livet i trafikken så langt i år. Møteulykker og utforkøyringar dominerer med 70 prosent av alle dødsulykkene.
18 av de totalt 51 trafikkdrepte omkom i ein personbil. 13 omkom på motorsykkel, og 8 omkom i varebil, mens 5 var fotgjengarar.
Østfold og Oslo er fylkene med størst auke i talet ulykker, mens Innlandet, Nordland og Finnmark har størst nedgang. Det er så langt ingen omkomne på vegane i Finnmark først halvår, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Norske trafikanter er best i Europa
For niande året på rad er Noreg landet med lavast risiko for å omkoma i trafikken både målt mot antal innbyggarar og antal køyrte kilometer.
I 2023 omkom 110 menneske på norske vegar. Det betyr 20 omkomne per million innbyggarar i Noreg. Dei nest beste landa er Sverige og Danmark med høvesvis 22 og 26. EU-snittet er på 46.
Resultata skuldast eit målretta, systematisk og kunnskapsbasert arbeid over tid frå Vegvesenet og andre aktørar. Norske trafikanter er generelt gode sjåførar som i all hovudsak følgjer trafikkreglane.