nyhende
11 tekne – over 80. 000 i bøter
Utrykkingspolitiet heldt ein kontroll i føremiddag ved E39 på Haukås.
— Alle aksepterte dei forenkla førelegga, seier politibetjent for Utrykkingspolitiet, Idar Helland.
Då Vestavind møter patruljen er føremiddagens kontroll over.
Helland og kollegaene har byrja å ta i bruk videokamera når dei held kontroll ved stoppskiltet. Då kan alle som vert stansa sjølv sjå kva som hendte.
I dag var det to sjåførar som ynskja å sjå opptaket av når dei ikkje stoppa ved skiltet.
— Gjer det kontrollen enklare?
— Tja, det er ikkje godt å sei. Nokre gongar er sjåførane heilt sikre på at dei stansa, og då hjelp det med opptak, seier Helland.
Han oppmodar alle som køyrer i området til å tenkje over kva fart dei held, og ikkje minst å stoppa ved påkøyrselen til E39.
— Me er svært ofte i området, og ser at mange vert stansa, seier Helland.
Bota for å ikkje følgje stoppskiltet er 7.450 kroner og tre prikkar på førarkortet.
I dag vart det delt ut bøter for 81. 950 kroner.
— Dei går rett i statskassa, seier Helland.