nyhende
10.000 gode hjelparar på flaske
I norske veksthus finst det massevis av små hjelparar, som bidreg til at grøntprodusentar kan dyrke mat med mindre sprøytemiddel. Nyttedyra er naturen sitt eige plantevern – Silje Stenstad Nilsen leverer dei på flaske.
II ei tid der nordmenn stadig blir meir opptekne av rein og naturleg mat har òg fokuset på korleis vi produserer fått meir merksemd. Likevel er det truleg få av oss som kjenner til dei små hjelparane som bidreg til god dyrking i norske veksthus.
– Alle norskproduserte urteplantar du finn i butikken har hatt omgang med nyttedyr.
Det fortel gründer og biolog, Silje Stenstad Nilsen, som for tre år sidan sa opp ein fast jobb hos såvare-leverandøren Norgro for å starte for seg sjølv med nyttedyra som forretningspartnar.
– Ingen vil ha sprøytemiddel
Vi møter henne i eit kontorfellesskap i Tønsberg der bedrifta Biologisk AS held hus. I ei kasse under armen ber ho med seg nokre urter og fleire tusen av «kollegaene sine», som ho har importert frå Nederland. Dei ligg i boksar og ventar på å komme på jobb.
– Nyttedyr er kort fortalt ulike makroinsekt som på forskjellig vis bidreg positivt til plantevern, fortel ho.
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) gjekk sprøytemiddelbruken i Noreg opp med 21 prosent frå 2017 til 2022. For å redusere risikoen for helse og miljø blir produkta som blir brukt her i landet nøye testa og vurdert, og strengt regulert av Mattilsynet. Stenstad Nilsen trur – og håpar – på utvida bruk av nyttige insekt i åra framover vil gjere behovet for sprøytemiddel mindre.
– Det er jo ingen som likar å bruke sprøytemiddel. Det er ein stor del av grunnen til at eg vil jobbe med dette – eg vil hjelpe folk å bruke minst mogleg kjemiske plantevernmiddel, fortel ho.
Nyttedyr er naturleg nedkjemping av skadedyr som til dømes bladlus, utan å vere til skade for korkje menneske, dyr eller planter.
– Dei eignar seg rett og slett betre enn sprøytemiddel. Viss ein til dømes sprøyter på ferske krydderplantar må ein vente lenger før ein kan sende dei ut i butikk. Dei reglane gjeld ikkje for bruk av nyttedyr.
Rigide reglar
Likevel kan regelverket nokre gonger vere ein brems, ifølgje biologen. I Noreg er det 28 ulike typar nyttedyr og -organismar som er lov å bruke til plantevern. Stenstad Nilsen meiner det burde vore fleire og at det går for tregt framover her i landet. Ho viser mellom anna til at naboane våre Danmark og Sverige tillèt fleire artar.
– Difor ser eg òg på å utvide verksemda mi dit. Spesielt i Danmark er dei gode på å sjå potensial som ligg i å bruke nyttedyr, fortel ho.
Ho viser mellom anna til at danskane har byrja å bruke nytteinsekt på friland.
– I Noreg er det avgrensa til veksthus og dyrkingstunnelar. Dei er nok heldigare stilt med klimaet i Danmark. Men eg håpar likevel at vi kan få det til her heime òg. Mindre sprøyting og meir nyttedyr ute, seier ho.
Teknologioptimist
Det er ingenting i vegen for at grøntprodusentar – og privatpersonar kan bestille og ta i bruk nyttedyr utan hjelp frå biologar. Det Silje Stenstad Nilsen likevel er oppteken av er at det ho tilbyr skal vere ein heilskapleg pakke som kan hjelpe kundane hennar å optimalisere produksjonen på ein berekraftig måte. I lys av dette har digital overvaking og teknologi blitt ein viktig del av bedrifta.
– Ved hjelp av teknologien kan eg følgje opp kundane utan å vere ute hos dei heile tida. Det gjer òg at eg kan ha kundar mange ulike stadar i landet, fortel gründeren i Tønsberg.
Ho er likevel klar på at det har sine fordelar å vere ute og møte grøntprodusentane.
– Eg må faktisk nokre gonger ut og sjå på desse plantene. For det er levande ting, og det er ikkje slik at alt kan digitaliserast.
Favoritt
Når du jobbar så tett på desse små nyttige individa som det Stenstad Nilsen gjer er det vanskeleg å ikkje få seg nokre favorittar. Med seg i møte med oss har ho 1.000 snyltevepsar – ein liten kamerat biologen set særs høgt.
– Han er ikkje til plage, seier ho og heller nokre individ frå flaska utover bordet ved sida av potta med ferske urter ho har teke med.
– Hadde det no sete ei lus på krydderplanten ville snyltevepsen flydd direkte dit og parasittert lusa. Og etter kvart ville lusa blitt mumifisert, legg ho til entusiastisk.
Og kanskje er det denne entusiasmen rundt arbeidskvardagen som gjer at Silje Stenstad Nilsen ser lyst på framtida.
– Eg synest det er gøy og gler meg til å gå på jobb kvar dag. Om ti år har eg kundar i heile Skandinavia og i Europa elles. Og Biologisk AS er plassen der dei fleste vender seg når dei vil ha heilskapleg hjelp med plantevernet. I tillegg vil eg ha spart jorda vår for mange liter med plantevernmiddel, avsluttar ho.