nyhende

Rikka Ramsdal ser tilbake på eit heilt hundreår med spennande opplevingar:

100 år og framleis nysgjerrig på livet

– Når britiske fly kom i kamp med tyskarane på fortet på Tittelsnes, gjekk det hardt for seg. Då hende det at prosjektilar på avvegar kvein omkring oss. Ein gong suste eit prosjektil rett forbi huset og landa hos ein nabo lengre sør.

Publisert Sist oppdatert

Snart hundre år gamle Rikka Ramsdal fortel om krigen. Andre verdskrigen kom til å prega mesteparten av ungdomstida hennar.

Ho hadde nett fylt 16 år då Hitler sine hærmenn okkuperte landet og etter kvart etablerte seg med festningsverk nokre få kilometer frå barndomsheimen ved Vasslivegen på Tveita.

Dramatiske krigsminne

Ho hugsar fleire dramatiske hendingar frå den tida, mellom anna senkinga av ruteskipet D/S «Austri» utanfor Eldøyane på Stord. Det skjedde på dagen 79 år før me møtte Rikka til intervju, 21. februar 1945. 35 menneske mista livet ved dette krigsforliset. 76 blei skadde.

– Eg såg båten passera gjennom fjorden på veg nordover. Kort tid seinare small det, fortel Rikka om åtaket som blei utført av britiske fly og i etterkant er blitt karakterisert som ei rein terrorhandling frå dei allierte si side for å stressa tyskarane.

Rikka fortel at ho kjende ei dame frå Stord som var om bord. Ho hadde lege og kvilt seg på ein benk, men sette seg opp då åtaket starta. Ho overlevde, men mista eine beinet då ho blei råka av eit skot i det ho sat og skulla ta på seg støvlettane.

– Men ho klarte seg til all lukke godt med med protese, legg Rikka til.

Høyrde rop om hjelp

Eit anna krigsminne sit også som spikra. Det var senkinga av den tyske minesveiparen «M-489» mellom Midtvik og Moster vesle julaftan 1944. Åtaket blei utført av den norske torpedobåten «MTB-712» og førte til at eit stort tal tyske soldatar mista livet.

– Me sto utanfor huset og høyrde fortvilte rop og skrik. Me tolka det som rop om hjelp, men kunne ikkje gjera noko.

Ho hugsar også at foreldra blei pålagde å levera poteter og grønsaker til den tyske forlegninga på Tittelsnes. Elles let tyskarane dei stort sett leva i fred, seier ho.

Bur i barndomsheimen

Rikka blei fødd 7. mars 1924. Ho bur framleis i barndomsheimen og klarar seg godt, med døtrene si hjelp. Huset frå 1880-åra har vore i familien sidan bestefar hennar kjøpte det. Sjølv minnest ho ein god og trygg barndom her saman med foreldra og to eldre søstre. Seinare overtok ho og mannen Hans gardsbruket og dreiv vidare med kyr og sauer på tradisjonelt vis. Etter dette har det vore to generasjonsskifte. Først overtok ei av døtrene, no er det dottersonen som bonde på garden.

– Far kom frå Osterøy. Der hadde han hatt ei barnejente som han var svært glad i. Ho heitte Rikka. Difor ville han at minstejenta hans, altså eg, også skulle få dette namnet.

Rikka gifta seg med Hans som 21-åring. Ho drog ikkje langt for å finna ektemake.

– Eg fann han oppi bakkane her. På Tråvås, fortel ho med eit smil.

Stor familie

Rikka og Hans fekk fire døtre og ein son. To av døtrene bur på Valestrand, ei i Sveio sentrum og ei i Haugesund. Sonen budde i Moss. Han måtte gi tapt for kreftsjukdommen og døydde i 2021. Det er Rikka si store sorg.

– Det er vondt når barna døyr før foreldra. Det skulle ikkje vore slik, seier ho og gir uttrykk for ei smerte som stadig er der.

Familen har vakse med åra. Tolv barnebarn har kome til, 16 oldebarn og fem tippoldebarn. Med ektefeller og sambuarar blir dei 50 til saman når storfamilien samlast for å feira 100-åringen. Det skjer laurdag 9. mars. På sjølve 100-årsdagen 7. mars blir det ope hus i Ørevik grendahus. Då er alle velkomne.

– Eg har fått oppleva mye

– Når eg no sit her og tenkjer tilbake, er det ikkje lite eg har fått vera med på. Og nysgjerrig som eg er, har eg også prøvd å få sjå og oppleva mest mogleg, seier Rikka Ramsdal ettertenksamt.

Ho har alltid likt å vera på farten, og sa tidleg til mannen sin at om han kjøpte bil, ville ho ta førarkort. Det blei likevel korkje bil eller førarkort. Av ulike grunnar, mellom anna økonomiske.

Dei kom seg ut likevel. Både Rikka og Hans likte å reisa, både i inn- og utland. Dei starta med bussturar, og første utanlandsturen gjekk til Finland. Murmansk i Russland besøkte dei med båt, og kom fram i eit overhendig uvêr.

– Me var dei einaste som sat oppe. Dei andre låg nede og kasta opp på grunn av sjøsjuke, fortel ho.

Har besøkt 20 land

Murmansk og Russland opplevde ho den gongen, på 1990-talet, som nedslite og prega av forfall. Seinare blei det fleire bussturar. Til dei andre skandinaviske landa, Tyskland og Frankrike. Turen til Italia og Roma var eit høgdepunkt. Her fekk dei sjå alle dei kjente turiststadene. Ho nemner Colloseum aller først. Vatikanet var dei også innom.

– Men paven var var ikkje heime. Han var visst på sommarferie.

Rikka blei enke for 30 år sidan, men slutta ikkje å reisa av den grunn. No blei gjerne ei eller fleire av døtrene reisefølge.

– Eg har vore i 20 land, fortel ho etter ei rask oppteljing.

Mange av turane har gått til Gran Canaria, der ho også feira 90-årsdagen sin med storfamilien på 48. Ho besøkte Gran Canaria siste gongen i 2019, men har halde fram med turar innanlands. I fjor var ho i Moss.

Reiseleiar

– Etter at Hans døydde, byrja eg  som reiseleiar, fortel ho med glimt i auget.

Reisene ho då snakkar om, var av eit kortare slag enn dei mange utanlandsturane. Ho organiserte handleturar med drosje.

– Det starta i 2001 og kallast Rikka-turar, fortel den faste sjåføren gjennom mesteparten av desse åra, Odd Arne Eikeland. Han stortrivst med oppdraget.

Rikka sine medpassasjerar var og er andre pensjonistar utan bil. Den første tida gjekk turane til Valevåg, men då denne butikken blei lagt ned, endra dei reisemål til Sveio. Det har dei halde fram med, trass i at det kom ny butikk i Valevåg etter kvart også.

– I Sveio får me tak i meir enn daglegvarer. Der er me innom apoteket, blomsterbutikken og ikkje minst kafeen. Og no har dei jo polet også.

Talet på deltakarar på handleturane har gått ned etter kvart, men framleis er dei til vanleg fire pensjonistar på faste turar til Sveio annankvar fredag. På kafeen møter dei kjenningar frå andre bygder også, og er gjerne ei gruppe på åtte-ti som møtest.

Aktiv i ulike lag

Handleturane er ikkje dei einaste utfluktene til 100-åringen. Ho har i mange år vore med i Einstabøvoll helselag. Etter at Einstabøvoll husmorlag blei nedlagt, har ho vore med i Valestrand kvinne- og familielag, der ho flittig møter opp. Ho og Hans blei dessutan tidleg med i pensjonistforbundet sitt lokallag i Sveio. Der er ho framleis til stades på dei aller fleste medlemsmøta.

Sjølv om ho er glad i blomster, har Rikka slutta å stella hagen heime. Men ho sit gjerne ute og solar seg når vêret er lagleg. Inne hygger ho seg mellom anna med TV-en. Og ho har klare favorittar.

– Lindmo må eg få med meg. Og så likar eg svært godt å sjå på alle slag naturprogram, fortel den vitale og åndsfriske 100-åringen.

Powered by Labrador CMS