nyhende

10. klassane er klare med kabaret

«Ex on the bøgda» er tittelen på kabareten som dei fire 10. klassane ved Sveio skule er i ferd med å øva inn i desse dagar. Kabareten har premiere onsdag neste veke. Det blir også to framsyningar torsdagen.

Publisert Sist oppdatert

Alle framsyningne blir i Vigdartun. Det er førehandssal av billettar på Kiwi, fortel PR-gruppa som består av Patrick Reine Severinsen, Tah a Nurahmed, Mark Farkasinszki og Eirik Hovland Hindøy.

I tillegg til å marknadsføra kabareten overfor Vestavind, har PR-gruppa mellom anna laga plakat og billettar.

Ellevill historie

Musikklærar Vidar Vikse og norsklærarane Sølvi Hovda og Susanne Åbø har laga manus etter elevane sinde idéar. Ifølge PR-gruppa er det først og fremst jentene i klassane som har valt tema. Jentene er også i fleirtal mellom dei 37 elevane som blir å sjå på scena.

Den elleville historia handlar om ein ordførar som er så bekymra for at folketalet i Sveio går nedover. For å bøta på dette vil han arrangera eit reality show. Det går ikkje heilt som ordføraren har tenkt, men endar i ein parallell til «Ex on the Beach».

Kan ikkje avblåsa

Dette stressar ordføraren, som likevel ikkje kan avblåsa showet då dette vil kosta for mykje for kommunen. Slik er i alle fall PR-gruppa sitt korte samandrag av handlinga.

Dei elevane som ikkje er aktive på scena, har mellom anna oppgåver med å laga kulissar og styra lyd og lys under framsyningane.

Powered by Labrador CMS