nyhende
05.30: Nesten 1.300 straumlause i Sveio
«Amy« herjar framleis, og har ført til at nesten 8.000 Haugaland Kraft-kundar har vore utan straum i kortare eller lengre periodar i natt. I Sveio er det framleis rundt 1.300 straumlause kundar klokka 05.30.
Tidlegare på natta var talet oppe i over 1.700. Dei første til å få straumen tilbake var området Buavåg-Førde.
Området Ryvarden-Eltravåg-Sveio sentrum-Storås-Vikse fekk straumen igjen tidlegare i natt. Men det varte ikkje lenge før dei 541 straumkundane i dette omårdet mista straumen igjen.
Sørlege Sveio ramma
Dermed er talet i skrivande stund nærare 1.300 straumlause kundar i sørlege del av Sveio. Inkludert Fjon som er råka av eit straumbrot med utgangspunkt i tysvær.
Fagene melder at at alle i vestre del av sørlege Sveio kan venta å ha fått straumen igjen rundt klokka 09.00. Den austre delen ser ut til å måtta koka morgonkaffien på gassbluss. Der er anslått tidspunkt klokka 11. For området ved Fjon anslår Fagne at straumen vil vera tilbake hos alle klokka 10.00.
Oppdatering 05.56: 319 kundar i austre del av sørlege Sveio har no fått staumen tilbake.
Talet på straumlause svingar
Fagne, som er driftsselskapet til Haugaland Kraft, har oppdatert fortløpande, og der har talet på straumlausekundar svinga gjennom natta. Klokka 04.30 var talet på råka kundar på veg med mot 5.300. Det er framleis kraftig vind med heftige vindkast, og klokka 05.15 var talet auka til over 6.000 igjen.
Du finn oppdatert oversikt her.
Har du bilde eller video frå stormen sine herjingar? Send dei til tips@vestavind-sveio.no