næringsliv
Vil ha rask Haukås-utbygging
370 mål er sett av i kommuneplanen til næring i aksen frå Haukås og ned mot krysset til Hinderli, ein kilometer lenger sør langs fylkesveg 47, retning Sveio sentrum. No har kommunestyret bedt rådmannen kartlegge kva som trengt for å realisere planen.
Allereie i 2011 vart det aktuelle området heldt av til næringsområde. 11 år seinare har ingenting skjedd. Det har uroa partiet Høgre, men i siste kommunestyremøte fekk dei eit samrøysta kommunestyre med på eit forslag om å kartlegge kva som trengst for å realisere næringsområdet, inkludert naudsynt infrastruktur.
Rett tid no
Høgre sine lokalpolitikarar John Kristian Økland, Mikal Møller Hovda og Lars Einar Hollund er klar på at det er viktig å kome i gang med å få regulert området, slik at investorar og grunneigarar kan kome i gang med etablering av nye verksemder i området, som er om lag like stort som Aksdal Næringspark som har vore ein suksess i Tysvær.
— Det er store aktørar som har vore interessert i å etablere på Haukås tidlegare, men som har forskjellig grad av motstand og difor ikkje fått til noko her. Fleire er framleis interessert, seier Lars Einar Hollund.
Mikal Møller Hovda viser til at Statens Vegvesen er i gang med planlegging av ny fire felts motorveg tvers gjennom Sveio, og ei av få avkøyringar vil bli nettopp på Haukås som dermed ligg an til å få ei særs sentral plassering når det nye infrastrukturkartet for Sveio er teikna.
— Det er viktig å kome i gang med regulering på Haukås no. Me ser rett nok teikn til nedgangstider no, men det vil snu ein gong. Og då er det viktig å ha gode areal klare, poengterer han.
Ikea-storleik
Dei er klare på at det ikkje er kolonialforretningar ein ser før seg på Haukås.
— Men får ein Ikea eller andre større kjeder som krev større areal bør det kunne ligge her, seier Mikal Møller Hovda.
Dei er også klar på at ei satsing på næringsareal på Haukås ikkje skal gå på kostnad av utvikling av Sveio sentrum.
— Får ein opp den generelle næringsaktiviteten i Sveio, vil folketalet auke. Då vil også handelen i Sveio sentrum bli styrkt, meiner dei.