næringsliv
Stor landbruksdelegasjon på synfaring i Sveio:
– Viktig å koma ut og møta folk
Onsdag var ein delegasjon med representantar for Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge på besøk hjå tre utvalde landbruksprosjekt i Sveio.
Delegasjonen møtte også representantar for administrasjonen og den politiske leiinga i Sveio kommune.
Årleg studietur
– Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge har eit partnarskap for å byggja opp planar for norsk landbruk. Då er det viktig å koma ut og møta dei som til dagleg arbeidar i eller med landbruket. Difor brukar me å leggja opp til ein årleg studietur. I år gjekk ferda til Etne og Sveio, seier Ragna Flotve.
Ho er seniorrådgjevar for næringsutvikling hjå Statsforvaltaren i Vestland. Ho leia delegasjonen på elleve personar i alt. Med sin bakgrunn som tidlegare sveibu hadde ho hovudansvaret for å leggja opp besøket i Sveio.
Saman med kommunen sine folk starta dagen med tur til Ryvarden, der leiaren av det lokale beitelaget, Torbjørn Larsen, var med og fortalte omlyngbrenning og utnytting av kystlyngheiane til beite for sau. Etter møte med kommuneleiinga og lunsj på kommunehuset gjekk ferda vidare til Nesse Gard og deretter til Straumøy gard.
Fortalde om framtidsplanar
Straumøy gard var tidleg ute med å satsa på Inn på tunet-konseptet, og Flotve seier garden har vore med på å setja nasjonale standardar på dette feltet.
– Mest på grunn av folka, men også fordi garden er som han er. Ikkje alle passar inn i stor einingar, kommenterer Flotve.
Straumøy gard har nyleg gjennomført eit generasjonsskifte. Gründerane Anne og Leif Grutle har overlate den daglege drifta til sonen Viljar Grutle og kona hans, Silje Marie Grutle. Begge generasjonane var til stades og møtte gjestene onsdag.
– Det var greit å få visa fram det me driv med og fortelja om både historia og framtidsplanane våre, seier Viljar Grutle.
Straumøy gard har satsa mykje på barn og unge med psykisk utviklingshemming. I dag består tilbodet mest av tilrettelagde bustader, og dette ynskjer dei å utvikla vidare.
– Me ønskjer også å halda fram med eit tilrettelagt elevtilbod som tidlegare var ein større del av verksemda vår, seier Grutle.
– Har sett nasjonal standard
Flotve seier ho brenn sterkt for Inn på Tunet, og vil gjerne vera med å gjera tilboda på dette feltet kjende for Nav og kommunale organ.
– Straumøy gard har satsa på barn og unge. For andre kan det vera aktuelt å satsa på tilsvarande tilbod innan demensomsorg. Samskaping er eit aktuelt omgrep i dag. Eg trur det er heilt nødvendig å tenkja nytt innan omsorgssektoren, seier Flotve.
To einingar på same gard
På Nesse gard satsar Steinar Nesse og dottera Maria Nesse stort på kvart sitt område, samstundes som dei førebur generasjonsskifte på sikt. Steinar Nesse driv med gris og utleige av areal til solcellepark. Dottera har leigd jord av faren og er i ferd med å byggja eit stort fjøs for ammekyr.
– Her er det bønder som tenkjer stort og framtidsretta. Å førebu generasjonsskifte i god tid er kjempeviktig.. Det er ikkje gitt at neste generasjon vil overta, men heilt nødvendig for framtida til norsk landbruk, seier Flotve.
Ho legg til at inntrykka frå studieturar som den til Etne og Sveio denne veka kan brukast på fleire måtar. Det handlar både om innhenting av inspirasjon og om konkrete tips som kan vidareformidlast til andre.
– Viktig å møtast
Gjertrud Svartveit Osmundsen, som er rådgjevar for landbruk og miljø i Sveio kommue, seier det er viktig for alle partar å møta kvarandre og har ansikt å sjå for seg når dei kontaktar kvarandre. For kommunen er det viktig å visa fram det som skjer på landbruksfronten.
– Eg vil også tru det blir lettare for Statsforvaltaren sine folk å driva med sakshandsaming når dei har sett områda det gjeld. For oss i kommunen var det også nyttig å fortelja om vår spesielle situasjon som grensekommune mot Rogaland og del av Haugalandet som omfattar område på begge sider av fylkesgrensa, seier Svartveit Osmundsen.