næringsliv

Valfartar til Ekrene for å sjå nytt lagersystem

Haugaland Storhusholdning er eineståande i verda med det nye AutoStore lagersystemet som har vore fullt operativt sidan september. No strøymer interesserte frå inn- og utland til Sveio og Ekrene for å sjå og og læra.

Publisert Sist oppdatert

– Me har hatt gjester så langt borte frå som Japan og Australia, fortel dagleg leiar Oskar Kirkeleit saman med dottera, driftssjef Benedikte Kirkeleit.

Rundt 20 på synfaring

Kor mange slike besøkande dei har hatt, har dei ikkje fullt oversyn over. Det er Hatteland-verksemda AutoStore AS med samarbeidsparter som tek seg av gjestene. Kjetil Velde i AutoStore seier at det er snakk om representantar for rundt 20 selskap til no.

–  I tillegg til Haugaland Storhusholdning, som var først, har me no selt eit par tilsvarande lagersystem til utlandet. Så langt har me ikkje selt fleire her i landet, seier Velde.

Han kan ikkje seia kven dei utanlandske kjøparane er. Ingen av dei skal ha vore og sett systemet i drift på Ekrene før dei signerte kontraktane.

Pilotprosjekt

Lagersystemet hos Haugaland Storhusholdning er eit pilotprosjekt, utvikla av AutoStore i samarbeid med deira partnar Strong Point og MTG Technology, der Haugesund Ventilasjonsservice, Haugesund Automasjon og Karmøy Rørteknikk er med.

Det unike med pilotprosjektet er at det opererer både i romtemperatur, i kjølerom og fryserom. Dei som kjem for å sjå, representerer selskap rundt om i verda som vurderer å investera i det same lagersystemet.

Mottok pris i London

– Den merksemda me får ved å vera dei første som har tatt systemet i bruk, utnyttar me maksimalt i vår marknadsføring, medgir Oskar Kirkeleit.

Ikkje minst gjeld dette tildelinga av Over All-prisen til det nye systemet som blei tildelt under Innovation Awards 2024 i London for ein månads tid sidan. Benedikte Kirkeleit var til stades og mottok denne prisen saman med broren, forretningsutviklar Thorstein Kirkeleit.

Haugaland Storhusholdning var nominerte til pris i klassen for verdas mest innovative grossistbedrift. I konkurranse med tre andre nådde dei ikkje opp her, men blei derimot delaktig i prisen for verdas mest bærekraftige system. Denne prisen gjekk nemleg til Haugesund Ventilasjon, og nettopp for pilotprosjektet på Ekrene.

Heider og ære er ein ting. For Haugaland Storhusholdning tel det vel så mykje at systemet fungerer, har skaffa selskapet nye kontraktar og har potensiale i seg til stor vekst.

Potensiale for vekst

– Me hadde i fjor ein omsetnad på 170 millionar kroner. Med det nye lagerstystemet kan truleg omsetnaden aukast til rundt ein milliard utan at det blir behov for utviding av bygget, fortel far og dotter Kirkeleit.

Ei suksesshistorie, med andre ord. Men dei legg ikkje skjul på at vegen fram har vore både lang, kostbar og kronglete.

– Me starta arbeidet rundt årsskiftet 2021/22 og skulle etter den opphavlege planen ha fått systemet installert i september 2022. Det gjekk to år ekstra. I denne perioden har det vore nødvendig å driva på tre ulike stader, med dei ekstrakostnadene dette har medført.

AutoStore-satsninga representerer ei investering på 30 millionar kroner. Det er ein spesialpris sidan det er snakk om eit pilotprosjekt. Implementeringa av Autostore-systemet har medført at fire årsverk i produksjonen har blitt overtallige. Benedikte understrekar samstundes at nedbemanning truleg ville ha kome uansett, på grunn av nedgang i omsetninga over ein periode.

Har fått nye kundar

Denne nedgangen hadde samanheng med eigarskifte. Oskar Kirkeleit, som grunnla Haugaland Storhusholdning, selde verksemda til DLVRY AS. Seinare har Kirkeleit-familien kjøpt seg opp på eigarsida i DLVRY.

Då Kirkeleit selde, mista verksemda nokre større kundar. No er utviklinga snudd til vekst. Haugaland Storhusholdning har leveringsavtaler med ei rekke kundar innan kafé, catering og fast food.

Nyleg er det inngått avtale med Espira-barnehagane, og fleire sjukeheimar i Sør-Rogaland er på veg inn på kundelista. Elles er kundane spreidde frå Bergens-området i nord til Arendal i sør.

Kan trenga fleire sjåførar

Om AutoStore-systemet har redusert behovet for arbeidskraft inne på lageret, kan aukande omsetnad gi grunnlag for fleire sjåfør-arbeidsplassar.

– Me har seks sjåførar i dag. Med det nye systemet kan me få meir varer på kvar bil, men det kan også bli aktuelt med fleire skift. Når me først har investert i bilar, er det mest lønsamt å halda dei i drift så mange timar som mogleg i døgnet, forklarar dei.

Powered by Labrador CMS