næringsliv
Syr vaskbare munnbind
Skodespelar og teaterinstruktør Christina Sörnsen måtte avlysa alle forestillingar på ubestemt tid etter 12. mars. No har ho heimekontor, og syr munnbind på bestilling til både private og bedrifter.
Når Vestavind kjem på besøk i Gullvegen, har Christina Sörnsen kokevaska metervis med nytt bomullstoff for at det skal vera ferdig krympa når ho byrjar å sy. Ho brukar helst bomullsstoff, for det er best å ha naturleg stoff mot huden.
38 munnbind ligg i bestilling, og ho har såpass mykje å gjera om dagane at ho innimellom tek seg heilt fri ein dag for å ha tid med familien: mannen Daniel og to gutar på 1,5 og 3,5 år.
Dagen då alt endra seg
12. mars hadde Sörnsen og kollega Sigrun Thorsen Arnesdotter rekt å spela fire forestillingar av den fjerde oppsetninga med hundane Bibbi og Boffen. Alle forestillingar etter det vart avlyst. Sörnsen har også jobb som teaterinstruktør i Etne kulturskule og Tysvær kulturskule. I desse jobbane har ho heimekontor.
– I Tysvær har eg også teaterøving på nett. Der har me utsett Peter Pan-forestillinga, men eg syr framleis kostymer heime, fortel Sörnsen
Ho har alltid vore glad i stoff, men byrja ikkje å sy før i 2014. Det skaut såpass fart at ho oppretta sitt eige firma og merke, Frøken Sörnsen.
– For meg er det ein slags meditasjon å sy. Ein god kontrast til spenninga og adrenalinet ved å stå på scena. Eg syr ein del på oppdrag og lagar kostymer, men først og fremst er det ein hobby. Då det blei mykje snakk om at det var mangel på munnbind, tenkte eg at det kan eg jo prøva å sy, fortel Sörnsen.
Klipte opp sonen sitt munnbind
Ho scannar nærast Google, YouTube og sosial media for å plukka opp idear. Og fordi ho likar å sjå alt det andre får til. No vart det brukt til å leita etter oppskrifter på korleis sy munnbind. I dag er det fullt av oppskrifter over alt. For åtte veker sidan fann ho ingen.
– Eldste son min har ein doktorkoffert, og i den var det eit medisinsk munnbind. Det klipte eg opp for å sjå korleis det var sett saman. Munnbinda eg syr, er ikkje medisinske munnbind, men dei kan brukast på ein arbeidsplass eller når du skal i butikken. Då sparar ein på bruken av medisinske munnbind, som det er størst trong for på sjukehus og til helsepersonell, seier Sörnsen.
Fargerike variantar
I utgangspunktet kan kva som helst stoff brukast, så lenge ein kan pusta gjennom det. Og at det tåler vask på høg temperatur. For munnbinda må vaskast på 60-90 grader i maskin, eller leggast i ei gyte med kokande vatn for å bli sterile igjen etter bruk.
– Dei har nasebøyle slik at det er enkelt å tilpassa dei. Og ei filterlomme der ein legg til dømes gassbind eller kleenex som ein kastar etter kvar bruk. Eg har også kundar som brukar vaskbare støvsugarposar, fortel Sörnsen.
Ho elskar stoff med fargar, og aller mest retrostoff. Det ber også stofflageret og systova preg av. Og på Facebook- og Instagram-sidene hennar ser ein at her blir det bestilt og sydd alt anna enn kvite og svarte munnbind.
Smittevernfrakk
– Eg har akkurat fått fatt i ein rull med gult smittevernstoff, så i går prøvesydde eg ein smittevernfrakk av eit gammalt laken. Så får vi sjå om det blir bestillingar på det. Om ikkje, kan eg sy meg ein fin sommarkjole av stoffet, ler ho.
At ho kan sine sysaker, vart stadfesta den eine sesongen av TV-serien Symesterskapet. Ho var ikkje med i TV-serien, men deltok i den uoffisielle sirkelskjørt-konkurransen til Symesterskapet der alle som hadde lyst kunne vera med. Der var ho ein av ti som kom til finalen.
Uventa flytting
Sörnsen og mannen budde tidlegare i Haugesund. Dei hadde snakka om at dei ville flytta meir landleg når dei vart foreldre. At det skulle skje rett etter førstemann var fødd, var imidlertid ikkje planen.
– Me hadde vore ein tur rundt golfbanen då Daniel foreslo at me skulle ta ein omveg heim for å sjå meir av Sveio. På vegen oppdaga me eit til sals-skilt. Me skulle berre kikka, og rett etterpå hadde me kjøpt hus, ler Sörnsen.
Då eldstemann var knapt eit halvt år, blei dei sveibuar og stortrivst med det. No ser dei fram til meir normale dagar, og å kunna samla familien til søndagsmiddag att.
– Ingenting hadde vore betre enn at det ikkje er trong for å sy fleire munnbind, seier Sörnsen.