næringsliv
På Dagens Næringsliv si Gasellle-liste for 2024:
Sveio-verksemder med høg vekst
Fire Sveio-bedrifter har fått plass på årets Gaselle-liste som blir utarbeidd av Dagens Næringsliv. Det er Byggmester Lars Osa AS, Vikse Maskin og Service AS, Lie Langtransport AS og Håvardsholm Maskin AS.
Vekst og lønsemd er dei viktigaste kriteria som blir lagde til grunn for DN si kåring, som byggjer på rekneskapstal frå 2023.
Av dei fire bedriftene i Sveio er det Byggmester Lars Osa AS som scorar høgast når det gjeld vekst og resultat. Veksten var på 246,16 prosent og resultatet 1,03 millionar kroner.
Jamn vekst
– Det har vore jamn vekst, ingen store endringar i verksemda elles, seier byggmeister Lars Osa i ein kommentar til utviklinga i selskapet.
Han legg til at det heller ikkje har vore nokon nedgang å spora i 2024, trass i meldingar om stagnasjon i byggebransjen. Og han trur aktiviteten vil auka i 2025 på grunn av regjeringa sitt vedtak om å senka eigenkapitalkravet frå 15 til 10 prosent ved kjøp av ny eller brukt bustad.
Osa driv mest med ombyggingar og reparasjonar, og berre unntaksvis med nybygg av spesielle og arkitektteikna bygg. Flesteparten av oppdraga kjem frå Haugesund, men han har også oppdrag i Sveio. Firmaet hans har i dag fem tilsette tømrarar, inkludert byggmeisteren sjølv. I tillegg har selskapet ein kontortilsett i 40 prosent stilling.
Blir mindre, tener meir
Lie Langtranspsort AS hadde den høgaste omsetnaden av dei fire Gaselle-bedriftene i Sveio i fjor, nær 19,1 millionar kroner. Veksten var på 128,9 prosent, men verksemda kom samstundes ut med eit negativt resultat på over ein million kroner.
– Det negative driftsresultatet hadde fleire årsaker. Me hadde diverre ei ulukke med utforkøyring det året. Dessutan investerte me i nye bilar og betalte hardt ned på gjelda for å styrka økonomien og soliditet i selskapet til seinare, forklarar dagleg leiar Håvard Valen Lie.
Sidan det rekneskapsåret som ligg til grunn for Gaselle-kåringa, har han tatt fleire grep som har gitt redusert omsetnad, men betre resultat.
– Me hadde sju bilar, sju tilsette og eit par innleigde bilar. No har me selt to tredelar av verksemda og kundeportefølgane til ein transportør i Stavanger. Med desse omstillingane får me ein omsetnad på 14-15 millionar kroner i år utan at salet er medrekna, og sju-åtte millionar i 2025. No er verksemda stabilisert med tre bilar. Resultatet ligg an til å bli mykje betre, seier den unge valestrendingen, som kombinerer drifta av transpsortselskapet med jobb i Nordsjøen.
Lie Langtransport AS driv stort sett med spesialtransport som til dømes frakt av anleggsmaskinar, landbruksutstyr og oljeutstyr. Dei har også kundar som dei fraktar stykkgods og normale partilaster for.
– Me køyrer rundt om i heile Norden, og har somme «lufteturar» nedover i Europa, seier Lie engasjert og smilande.
Graving og serviceoppdrag
Den nest høgaste veksten av dei fire sveioverksemdene hadde Vikse Maskin og Service AS med 140,8 prosent. Omsetnaden var på 6,6 millionar kroner og resultatet 330.000 kroner.
Vikse Maskin og Service AS med base på Vikse driv med graving, sprengning og liknande, og har dessutan avtale om service på Biovac reinseanlegg, fortel dagleg leiar Steinar Vikse.
Selskapet har tre tilsette i fulle stillingar og har nettopp tatt inn ein lærling. I tillegg har dei kontakt med nokre ekstrahjelparar som kan tilkallast ved behov.
Har trappa ned
Også Christoffer Lie Håvardsholm, som driv Håvardsholm Maskin AS, har trappa ned verksemda etter det året som DN har basert si Gaselle-kåring på.
Selskapet hadde kontrakt med Mesta på mest all brøyting og salting på fylkesvegane i Sveio. Dei vann også konkurransen om fornying av denne kontrakten, men takka likevel nei på grunn av endra vilkår, opplyser Håvardsholm til Vestavind.
Selskapet driv elles med transport og graving, mellom anna grunnarbeid for nybygg, Dei har fire tilsette. For året som Gaselle-kåringa byggjer på hadde Håvardsholm Maskin AS 14 millionar kroner i omsetnad, resultat på 207.000 kroner og ein vekst på 125,2 prosent.