næringsliv

Sveio testar nytt utstyr for ugrasrydding

Sveio kommune er for tida referansekunde for Norge når det gjeld utprøving av nytt og miljøvenleg utstyr for ugrasdreping. Eivind Nærum ved drift- og anleggsavdelinga i kommunen er så langt positiv.

Publisert Sist oppdatert

Teknologien er utvikla av utstyrsleverandøren Foma, men byggjer på gammal kjent kunnskap.

Konseptet går ut på å drepa ugrasplantene ved å pressa kokande vatn så djupt ned i jorda at røtene blir øydelagde. For at dette skal lukkast, må vatnet halda ein temperatur på minst 97 grader.

– Sveio er pioner. Erfaringane dei gjer vil vera avgjerande for om dette produktet slår an på landsbasis, trur Magnar Bergjord ved FK-butikken.

Tok initiativ

– Eivind Nærum tok sjølv kontakt med oss og etterspurde dette utstyret, fortel seljar Magnar Bergjord ved FK-butikken i Haugesund, som er leverandør.

Bergjord fortel vidare at det så langt berre er selt to eksemplar av dette utstyret her i landet. Men mange er interesserte, og Bergjord skal i desse dagar også gje tilbod til to anleggsgartnarfirma på Haugalandet. Om han får selt fleire anlegg dette året, er uvisst. Mykje vil avhenga av dei erfaringane som blir gjorde i Sveio, seier han.

Drep røter og frø

Eivind Nærum stadfestar at han tok kontakt med Felleskjøpet etter å ha vore på studietur til Stavanger-området der dei var innom ulike tema. Eitt av dei var ugrasrydding. Der fekk dei mellom anna sjå mykje større og tyngre utstyr som blei brukt til å drepa ugras ved hjelp av glovarm vassdamp.

– Vassdamp fjernar berre den delen av ugrasplanene som er over jorda, men ikkje røtene, forklarar Bergjord.

Bruk av giftige kjemikalier på offentleg stad er forbode. Brenning av ugras, ein annan metode, drep også berre overflatedelane av plantene. Med varmt vatn skal, som nemnt, også røtene bli øydelagde. Dessutan skal frø som fyk omkring, også bli øydelagde.

Eivind Nærum demonstrerer utstyret framfor kommunehuset i Sveio sentrum.

– Det vil nok krevja to-tre behandlingar første året. Seinare håpar me det skal vera nok med ei behandling i året, seier Bergjord.

Han legg ikkje skjul på at han er spent på kva Nærum og kollegaene hans vil rapportera tilbake om akkurat dette.

God start

– Så langt ser det lovande ut. Men eg er spent på kor ofte me må gjenta behandlinga, seier Nærum.

Han viser oss bilde at eit område tett inn til veggen på kommunehuset, der løvetann og anna ugras sto frodige i slutten av april. Etter varmtvassbehandlinga visna alt, og det er til samanlikning svært lite som spirer på same staden i dag.

Utstyret Sveio har kjøpt og har til utprøving, består av ein vasstank på 1.000 liter, ei dieseldriven eining til oppvarming av vatnet og eit aggregat til  å starta dieselvarmaren. Vidare slange som fører fram til eit munnstykke som pressar vatnet ned i jorda.

Alt saman er plassert på ein tilhengar, og såleis mobilt. Normalprisen for utstyret Sveio har kjøpt, er godt og vel 160.000 kroner. Sidan kommuen er pioner og  «forsøkskanin», stadfestar både Bergjord og Nærum at den reelle prisen i dette tilfellet har vore monaleg lågare. Sveio fekk levert utstyret like før påske.

Powered by Labrador CMS