næringsliv

– Arriva er eit selskap i vekst som har målsetnader som skal bidra til grønare skipsfart. Deira verdiar er verdiar som er i tråd med fleire av mine verdiar. I tillegg er det kjekke folk der, seier Nina Matre. Foto: Privat
– Arriva er eit selskap i vekst som har målsetnader som skal bidra til grønare skipsfart. Deira verdiar er verdiar som er i tråd med fleire av mine verdiar. I tillegg er det kjekke folk der, seier Nina Matre.

Sveibu fekk shipping-jobb i Vindafjord

Onsdag starta Nina Matre som crew manager i Arriva Shipping. Sveibuen, som opprinneleg kjem frå Vats, gler seg til sin første jobb i heimkommunen sidan tenåra.

Publisert Sist oppdatert

GRANNAR: – Det er kjekt å kome heim til Vindafjord. Jo eldre ein blir, jo viktigare blir det kven ein er og kor ein kjem frå, seier Nina Matre.

Sidan 2022 har ho vore prosjektleiar for Bu i Sunnhordland. No går turen vidare til Arriva Shipping i Ølensvåg, ikkje altfor langt frå barndomsheimen i Øvre Vats, der foreldra framleis bur.

GRANNAR: – Det er kjekt å kome heim til Vindafjord. Jo eldre ein blir, jo viktigare blir det kven ein er og kor ein kjem frå, seier Nina Matre.

Sidan 2022 har ho vore prosjektleiar for Bu i Sunnhordland. No går turen vidare til Arriva Shipping i Ølensvåg, ikkje altfor langt frå barndomsheimen i Øvre Vats, der foreldra framleis bur.

Felles verdiar

I Ølensvåg skal vatsbuen jobbe med bemanning og HR. Ho får ansvar for mannskapskoordinering og vidareutdanning, så vel som personalansvar for kapteinar og lærlingar. Spurt om kvifor ho ville ha jobben, svarar Matre at Arriva er eit veldig spennande selskap.

– Dei er eit selskap i vekst som har målsetnader som skal bidra til grønare skipsfart. Deira verdiar er verdiar som er i tråd med fleire av mine verdiar. I tillegg er det kjekke folk der, seier Matre.

Omsetnad på rundt 700 millionar

Arriva Shipping blei grunnlagt i 1972 av Johannes Matre og har hovudkontor i Ølensvåg, med avdelingar i Stavanger og Gdansk. Selskapet har om lag 165 tilsette og oppnådde ein omsetnad på rundt 700 millionar kroner i 2024. I 2024 frakta reiarlaget fire millionar tonn bulkvarer gjennom 1.150 reiser til tolv ulike land. Måndag blei det kjent at dei har bestilt eit nytt tørrlastskip, som blir det tiande i flåten til reiarlaget.

Då stillinga som crew manager dukka opp, var Nina Matre rask med å ringje eigar og administrerande direktør Sindre Matre for å forhøyre seg og så søkje. Ho er ikkje i slekt med han eller hovudeigar Jarle Matre. Etternamnet hennar kjem frå ektemannen Nils, som heller ikkje er i slekt med dei.

Kort veg heim

Matre har hatt kjennskap til Arriva sidan dei hadde sitt opphavlege namn Sandfrakt AS og har følgt med på utviklinga. Ho fortel at faren var innom og gjorde litt reparasjonsarbeid der tidlegare.

For Matre sjølv er maritim næring ny. Ho har utdanning som sivilingeniør innan petroleumsteknologi og har jobba 15 år i Equinor, før ho starta to eigne bedrifter og tok fatt på jobben med å skape bulyst i Sunnhordland. Med bustad på Fjon i Sveio blir det 35 minutts pendlarveg til jobb, som samsvarar med reisetida ho har hatt til tidlegare jobbar.

– Slike avstandar er ein vane med i distriktet. Det er akkurat nok tid til å få høyrt litt podkast og summe seg, seier Matre.

Ho ser også positivt på å kunne svippe innom faren og mora for middagsbesøk eller hente middagar frå barndomsheimen i Øvre Vats. Jobbskiftet gir ho ikkje nokre planar om å flytte tilbake til Vindafjord. Sist ho budde der var fram til ho var russ i 1996. Frå ho var 15 år og fram til det jobba ho på Knapphus bensinstasjon. Etter det gjekk ferda vidare til ni år i Stavanger, før ho flytta vidare til Haugesund og så Sveio.

Byr på camping

I tillegg til jobben i Ølensvåg eig og driv Matre Camp Ålfjorden på Fjon i Sveio saman med ektemannen Nils. Campingplassen har røter tilbake til 1970-talet og ligg ved sjøen, med kort veg ut til fiskeplassane i Ålfjorden.

Jobbskiftet får ingen innverknad på campingplassen. Matre fortel at dei har gjestar frå mellom anna Etne og Vindafjord som kjem igjen.
— Det er kjekt å møte kjente fjes der, seier Matre, som er styreleiar i Sveio Næringsforum.

Matre har hatt kjennskap til Arriva sidan dei hadde sitt opphavlege namn Sandfrakt AS og har følgt med på utviklinga.
Powered by Labrador CMS