næringsliv

Drosjenæringa i Sveio har mista 95 prosent av inntektene sine på grunn av korona, seier Helge Tofte. Han er leiar i Sveio og omegn drosjesentral DA.
Drosjenæringa i Sveio har mista 95 prosent av inntektene sine på grunn av korona, seier Helge Tofte. Han er leiar i Sveio og omegn drosjesentral DA.

Store konsekvensar for lokalt næringsliv

Frisørsalongar, spa og treningssenter er stengde. Drosjenæringa har mista 95 prosent av oppdraga sine og har permittert alle tilsette. Hytteutleigarane skjelv med tanke på den føreståande sesongen etter kvart som avbestillingane tikkar inn.

Publisert Sist oppdatert

Konsekvensane av korona-epidemien og styresmaktene sine tiltak er merkbare for næringslivet i Sveio som elles i landet. Blir krisa langvarig, står føretak og arbeidsplassar i fare.

På landsbasis er 405.000 arbeidsplassar  i spel, ifølge ei pressemelding frå administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke. Ein ringerunde til næringsdrivande i Sveio stadfestar at dette også omfattar lokale arbeidsplassar.

Utan oppdrag

– Me har mista all skulekøyringa og mest all busskøyring. Til saman utgjer desse oppdraga 95 prosent av inntektsgrunnlaget vårt, seier leiar i Sveio og omegn drosjesentral DA, Helge Tofte.

Han representerer fem sjølvstendig næringsdrivande drosjeeigarar. Sentralen har tre heiltidstilsette og fire deltidstilsette. Alle dei tilsette er nå permitterte. Drosjeeigarane sjølve står utan støtteordningar.

– Hadde drosjesentralen vore organisert som eit aksjeselskap, kunne me permittert oss og fått dagpengar. Men slik organisering har me ikkje lov til i drosjenæringa etter det regelverket som gjeld i dag, fortel Tofte.

Han seier den lokale drosjenæringa er inne i ei svært tøff tid. Situasjonen vil bli kristisk om krisa varer i meir enn ein månad, meiner han.

Risikerer å tapa 800.000 kroner

Joar Svendsbø i Lindås Gard og Hytteutleige fryktar tap på 800.000 kroner denne sesongen.

Ei næring som vil bli hardt råka om krisa blir langvarig, er dei som leiger ut hytter til turistar.  Mange av kundane deira kjem frå andre europeiske land. Nå er ferjerutene til utlandet innstilte og grensene stengde.

– Eg har bookingar for ein million kroner for den komande sesongen, men fryktar nå at eg kan tapa 800.000 av denne omsetnaden, seier Joar Svendsbø i Lindås Gard og Hytteutleige ved Liereid.

Håpet hans er at noko av tapet kan bli kompensert av fleire norske gjester. Svendsbø har sju utleigehytter og driv turistnæringa saman med gardsdrift. I tillegg har han jobb i Nordsjøen.

– Me kan håpa at fleire får augo opp for verdien av norsk matproduksjon og at landbruket får høgare status som følge av denne internasjonale krisa, seier Svendsbø.

– Katastrofe om det blir langvarig

Berre ei av dei seks utleigehyttene til Valevåg Camping og Hyttetun var utleigde då me snakka med eigar Ole Johan Valen måndag.

– Me skjelv som ospelauv etter kvart som meldingane om utbreiinga av smitten kjem inn. Det er krise, og krisa blir til full katastrofe om dette blir langvarig, seier Valen.

Han brukar i snitt å ha 4.000–5.000 gjestedøgn i sesongen mellom april og september.

Nå er han meir enn spent på korleis det blir i år, både for hytteutleige og campingplassen elles.

Konsekvansar for heile lokalsamfunnet

Stig Wegner Simonsen driv Fjordidyll Hytteutleie i Førde med åtte utleigehytter.  Han er samstundes leiar i Sveio Reiselivsforum ein paraplyorganisasjon for fleire som driv hytteutleige i kommuen. Simonsen er ikkje så redd på eigne vegne, sjølv om han reknar med at koronasituasjonen vil føra til tap.

– Dei som har avbestilt i april har allereie booka seg inn på ledige datoar seinare på året, seier han.

Simonsen har ikkje fullt oversyn over situasjonen for dei andre medlemsbedriftene i Sveio Reiselivsforum, men peikar på konsekvensane for heile lokalsamfunnet dersom hytteturistane uteblir.

– Det er ikkje småsummar turistane legg etter seg i kommunen. Berre spør daglegvarebutikkane, seier han.

Nyetablert og brått utan inntekt

Frisørsalongane over heile landet måtte stengja alt torsdag ettermiddag  for ei veke sidan, som ein del av regjeringa sin tiltakspakke for å avgrensa koronasmitten. Dette gjeld også dei fem-seks salongane i Sveio.

– Som nyetablert har eg lite å gå på, seier frisøren Tatjana Stepanova i Estetikk AS på Hanaleite.

– Sidan eg starta for meg sjølv i august og ikkje har fått tid til å opparbeida reservekapital er det ganske tøft med eit slikt avbrot, seier Tatjana Stepanova som driv Estetikk AS på Hanaleite.

Ho har hatt nok å gjera og såg nå fram til ein god sesong før påske og konfirmasjonar i mai. Nå risikerer ho å tapa ein månadleg omsetnad på 60.000-80.000 kroner så lenge salongen er stengt. Som mange andre ser ho seg nøydd til å forhandla med huseigar om  eventuell utsett betaling.

Stepanova er glad for at ho har organisert føretaket sitt som aksjeselskap der ho sjølv er tilsett. Dermed kan ho søkja om dagpengar. Å ta seg anna arbeid er vanskeleg sidan ho også har små barn som ho må ta seg av.

Råkar timelønna instruktørar

Stengingspåbodet som kom for ei veka sidan, råka også treningssentra og spa-verksemder.

– Alle dei ca. 10 medarbeidarane våre  som arbeidar på timebasis er permitterte, stafestar dagleg leiar Albaross Fitness, Ingunn Skåden Vikse.

Ho har sjølv vore i karantene fram til måndag etter ein utanlandstur, og har arbeidd heimanfrå.

Eitt av spørsmåla Vikse har prøvd å finna svar på, er kva rettar timebaserte instruktørar utan fast tilsetjing har krav på i ein situasjon som nå har oppstått.

– For treningssenteret blir situasjonen vanskeleg om me må halda stengt mykje lenger enn til utgangen av påskeferien, seier Vikse.

Dei fleste kundane har fast månadleg trekk, og Vikse har bede dei om å venta med å stansa trekket til situasjonen blir meir avklart.

Treng krisehjelp

Situasjonen er om lag den same for Albatross Spa, som også har rundt 10 timebaserte medarbeidarar.

– Utan krisehjelp er det svært vanskeleg for verksemda. Det er ikkje lett å driva spa i Sveio. Og då me endeleg hadde kome oss opp og tente pengar i februar, kom dette, sukkar dagleg leiar Katie Evans Lothe.

Powered by Labrador CMS