næringsliv

Stiller seg bak jordbrukskrava

Både leiaren i Sveio Bondelag, Steinar Vikse, og leiaren i Sveio Bonde- og Småbrukarlag, Brit Oddrun Stuve, stiller seg bak bondeorganisasjonane sine krav framfor årets jordbrukssforhandlingar.

Publisert Sist oppdatert

– Kravet på 3,9 milliardar kroner er i alle fall ikkje for høgt. Bonde- og småbrukarlaget kunne nok tenkt seg eit høgare krav, men har tilpassa seg bondelaget for å få vera med i forhandlingane. Og bondelaget er ofte litt meir vener med regjeringa, seier Stuve.

Det er store inntektsvariasjonar blant bøndene, noko som også kjem til uttrykk ved at dei to organisasjonane ofte stiller ulike krav og prioriterer ulike kategoriar av bønder.

– Ser bra ut

Kravet frå bøndene er lågare i år enn det har vore dei to siste åra. Trass i dette seier Vikse at han synest det ser bra ut ved føste augekast.

– Det er lagt inn eit betydeleg inntektsløft i tillegg til auka satsing på sjølvforsyning, seier Vikse, som meiner korn- og mjølkeprodusentane vil koma best ut.

Sjølv er Vikse kjøtprodusent på storfe og sau og kravet om auka beitetilskot  er mest interessant for han. Elles er det lagt inn ulike velferdsgode som mellom anna gjeld avløysartilskot og avløysing ved sjukdom.

Spente på statens tilbod

Bondeorganisasjonane la fram sitt krav sist fredag. Måndag 6. mai skal staten ved Landbruks- og matdepartementet leggja fram sitt tilbod. Etter dette har partane frist fram ti 16. mai med å forhandla seg fram til ei løysing. Blir dei ikkje samde, vil årets jordbruksavtale bli diktert av Stortinget.

– Eg er svært usikker på kva utfallet blir, seier Stuve, som meiner det er på tide å prioritera bønder og matproduksjon her i landet.

Her er dei to lokallagsleiarane i Sveio mykje godt samde.

– Eg har faktisk tru på ei forhandlingsløysing. Det er nødvendig for å berga næringa. Eg trur heller ikkje Senterpartiet har råd til noko anna enn å koma bøndene i møte, seier Vikse.

Powered by Labrador CMS