næringsliv

Siste tilbod i Valevåg

Laurdag var det opphøyrssal hos Valevåg Landhandel med halv pris på alle varer i butikken. I postkafeen var det også full sving med sal av kaffi, kaker, boller og brus.

Publisert Sist oppdatert

Ivar Blytt er ein av dei første som er ferdighandla. Han har vore stamkunde sidan butikken opna.

– Eg brukar å handla her tre gonger i veka. Fast laurdag og to gonger i kvardagen.

– Betyr alt

På spørsmål om kva butikken betyr for nærmiljøet svarar han: alt. For han er det ikkje berre ein butikk.

– Det har vore ein samlingsplass der ein kan ta seg ein kaffi og slå av ein god prat, før eller etter handelen, i kafeen. Her møtes bygdefolket, og me kan vera sosiale. Det mister me no, men eg håpar butikken opnar igjen ein gong, seier han.

Heng på butikken

Utanfor butikken sit tre nyhandla gutar med brus og snop på handlelista. Dei treffes ofte her nede i Valevåg og heng saman. Dei er samstemde om at det er veldig synd at butikken blir nedlagt.

– Me brukar å sykla ned hit og henga saman fleire gonger i veka. På sommaren hender det me er her kvar dag, seier Emil Dragvoll Eidsvåg.

Dei kjem framleis til å treffast på fritida, men har likt at dei har kunna sykla til butikken for å handla.

Innom kvar dag

Ann Kristin Mannes er også innom og handlar.

– Eg var med å starta det heile for 13 år sidan. No er eg også med og avsluttar det med ein siste handletur.

Sjølv har ho stort sett vore innom kvar dag etter jobb. Ho synes det er trist at butikken no er historie, men kan forstå det.

– Folk handlar andre stadar, og mange familiar har dårlegare råd. Då er det vanskeleg å halda liv i ein lokalbutikk.

– Får ein pause frå kvardagen

Medan parkeringsplass og handlekø hopar seg opp, strøymer det også folk inn til kaffisal på postkafeen. Ved eine bordet treffes ein jentegjeng som brukar å samlast her. Nokon fast kvar fredag, andre oftare. Ei av dei er Linda Valen.

– Kva synes du om at dette er siste dagen med butikk i bygda

– Forferdeleg. Eg er her kvar dag. Her kan eg ta ein kaffi og får ein pause frå kvardagen. I framtida blir det handleturar til Stord. Men ein får ikkje den personlege tilknyttinga når ein handlar på for eksempel Coop som ein får her i Valevåg. Her kjenner ein så mange.

I framtida håpar dei at det blir lagt til rette for ein samlingstad, enten her eller i eit anna lokale i bygda.

– Har byrja å sleppa taket

Når det nærma seg tippekamptid byrjar kjøpmann Per Magnus Grøsvik å sjå ende på køen og ein hektisk siste dag på jobb.

– Korleis har dagen vore for deg?

– Den har vore travel. Det har gått i bankande eitt.

På spørsmål om korleis han sjølv har hatt det dei siste dagane, legg han ikkje skjul på at det har vore ein nedtur til trass i lovord og «17. mai-talar», som han kallar det, gjennom dagen.

– Eg var sur og skuffa i nokre dagar, men det har byrja å sleppa taket. Det gjekk berre ikkje lengre, seier Grøsvik.

Kroken på døra

Butikkpartnar Trygve Rolland er nøgd med dagen når ting blei som det blei.

– Det har vel ikkje vore så mange i lokalet og lengre kø her inne på fleire år. Me fekk seld om lag halve butikken for varer. No er det berre å rydda vekk resten.

Dei hadde lenge trua på at butikkdrifta skulle gå, men måtte til slutt gi tapt.

– Med ein handelslekkasje på 85 prosent i bygda går det ikkje an å driva. Hadde den vore nede på 60-talet kunne det gått rundt. Me vurderte å halda på til sommaren, men no er me tomme for midlar, avsluttar Rolland.

Kva som skjer vidare med lokalet er førebels uvisst.

Powered by Labrador CMS