næringsliv
Siste bøndene i Sveio?
Kva konsekvensar vil endra fylkestilhøyrigheit frå Vestland til Rogaland, få for landbruksnæringa i Sveio? Rapporten frå Telemarksforsking, ei konsekvensutreiing om fylkestilhøyrigheit, bestilt av Sveio kommune, har kome som ein raud klut inn i debatten.
Steinar Nesse, slaktegris- og kjøtfeprodusent på garden Nesse, har sett på kva moglege konsekvensar det vil få for landbruket dersom Sveio blir ein del av Rogaland. Det var også grunnen til at han måndag inviterte andre aktive Sveio-bønder heim til seg for å høyra kva dei meiner om eit eventuelt fylkesbyte.
Fellesnemnaren for sju av dei åtte som sit benka rundt stovebordet denne dagen, er at dei starta i landbruket omtrent på likt, og alle opptekne av at det også skal vera noko igjen til neste generasjon.
Dei frammøtte er Håvard Skarveland og sonen Olav frå Flatnes (mjølkeproduksjon og sau).
Ekteparet Gjertrud Svartveit Osmundsen og Gunnar Osmundsen frå Nordskog (slaktegris, i tillegg til mjølkeproduksjon i samdrift med Jan Holger Hamre).
Egil Haugsgjerd frå Haukås (mjølk og slaktegris).
Frode Handeland frå Dyngjo (mjølk, kjøt/storfeproduksjon, og sauehald saman med kona Anne Bakke Handeland og sonen Kristoffer).
Toralf Loe (gris i leigefjøs på Tjernagel, med god hjelp av sambuar Silje Svartveit Osmundsen).
Kjem dårleg ut
Rapporten frå Telemarksforsking slår blant anna fast at bøndene i Sveio er den gruppa som vil koma dårlegast ut dersom Sveio skiftar fylke frå Vestland til Rogaland. Og hovudgrunnen til det er at Sveio vil koma inn i andre sonar i høve til tilskotsordningar, og må i tillegg konkurrera med Rogalands-bøndene om innovasjonsmidlar.
– Med det store jordbruket som er på Jæren vil me slita med få noko frå den kanten, særleg hardt kjem det til å ramma unge bønder, fastslår Nesse.
– Å bli konkurrert med Rogaland, eit av dei sterkaste jordbruksområda i landet, toler me ikkje, sjølv om me hadde lagt alle jordlappane våre saman, legg Gunnar Osmundsen til.
Prishopp på mjølkekvotar
Håvard Skarveland er uroa for kva som vil skje med mjølkekvote-prisane ved eit eventuelt fylkesbyte.
– Dersom me kjem inn i Rogaland vil det bety at mjølkekvotane vil koma opp i 20 kroner literen, mot 10-12 kroner i dag. Det vil seia at dersom nokon vil selja mjølkekvoten sin i Sveio, er det ingen lokale bønder som vil kjøpa. Med den prissettinga på ein mjølkekvote, blir det svært vanskeleg for neste generasjon å overta, meiner mjølkeprodusenten på Flatnes.
– Me høyrer til Vestland!
– Nest etter kommunal sektor representerer landbruket den nest største næringa i Sveio, – det kan vel ikkje vera rett at me skal bli så hardt ramma, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen og legg til:
– Eg trur at folk på Rophus og tilflyttarar i søre del av kommunen ikkje heilt ser problemstillinga og tenkjer at dei praktisk talt er i Rogaland allereie. Mens me andre som bur litt ute i distrikta, føler me høyrer mest til Vestland. Eg trur kommunen blir veldig splitta om går til Rogaland.
Rogaland fylke har mange byar. Vestland derimot, består av mange mindre kommunar som Sveio godt kan samanlikna seg med.
– Går me først over i Rogaland er vegen kort til kommunesamanslåing med Haugesund. Og då kjem skuledebatten opp igjen, er teorien blant bøndene som er til stades.
«Syltynn» rapport
– For landbruket synes eg rapporten er heller «syltynn». Å basera seg på å lova bøndene at det ikkje skal få konsekvensar utanom på egg, fordi det ligg ein avtale i jordbruksforhandlingane, det heng ikkje på greip. Når me ser kva erfaringar andre kommunar har hatt, stemmer dette ikkje, poengterer Svartveit Osmundsen og får bifall av dei andre rundt bordet.
– Rapporten baserer seg svært mykje på intervju med politikarar, pluss litt synsing utanom, nikkar Nesse.
Gløymd av politikarane
– Eg har inntrykk av at landbruket ofte blir gløymt politisk her i Sveio. Du kan sjå på vegane våre, det er dårleg vedlikehald, me er mykje avhengig av transport inn og ut. Samstundes me må ta med at me har eit svært godt oppegåande og positivt landbrukskontor i kommunen, seier Skarveland.
Det kjem tydeleg fram at rekruttering til landbruket er ein essensiell faktor i denne debatten.
I landbruket blir det stadig stilt strengare krav til dei som skal driva. Dei fleste fjøsa i Sveio er såkalla «båsfjosar», men frå 2034 er desse ikkje lenger lovlege. Etter det skal alle storfe gå lause, noko som krev store ombyggingskostnadar for bøndene.
– Når Rogaland har færre midlar til utdeling enn Vestland, då seier det seg sjølv at det blir vanskelegare å nå fram dersom me blir rogalendingar. Og det vil igjen gå ut over rekrutteringa til landbruket, seier Svartveit Osmundsen.
Drastisk nedgang
Ifølgje Åshild Irene Lie, rådgjevar landbruk i Sveio kommune, har tal bruk i Sveio som leverer mjølk, gått mykje ned.
I 2000 var det rundt 50 bruk som leverte mjølk i Sveio, mot 10 hentepunkt i dag.