næringsliv
Satsar friskt med tru på framtida
Spriket mellom krav og tilbod i jordbruksforhandlingane har ikkje gitt den unge sveiobonden Maria Nesse (25) ei einaste vakenatt. Ho satsar friskt og har tru på framtida.
– Det skal noko til at alle blir nøgde. For meg ser det ikkje så ille ut med jordbruksoppgjeret. Eg var nok nærare søvnlause netter i planleggingsfasen av det utbyggingsprosjektet eg no er i gang med. Eg ville jo så gjerne, men var redd eg ikkje skulle få lån då eg såg på dei skyhøge prisane, fortel ho.
Nytt lausdriftsfjøs
Men finansieringa gjekk i orden. Nesse har sjølv vore med på grunnarbeidet, som starta i fjor haust. No er det nye lausdriftsfjøset for ammekyr under tak. Elles er byggearbeidet overlate til Grude Bygg og betongarbeidet til Øen og Haugstad, begge baserte på Jæren og spesialiserte på nærings- og landbruksbygg. Golvflata er på godt og vel 1.000 kvadratmeter. Til hausten skal fjøset stå ferdig til innflytting, med plass til 40 storfe. I dag har ho 24 ammekyr i det gamle fjøset som oldefaren bygde på 1980-talet.
– I motsetnad til tidlegare skal eg no også ala opp alle kalvane sjølv, så det blir minst ei dobling av produksjonen, fortel Nesse.
Den dagen Vestavind besøkte byggeplassen, pågjekk arbeidet med å støypa skraperenner på golvet. Betongbilane kom og drog i ein jamn straum utover heile dagen. Denne veka reknar Nesse med at det blir støyping av golv til liggebåsane.
Åtte millionar
Prislappen på nybygget er åtte millionar kroner. Som singel er Nesse åleine om ansvaret for denne satsinga.
– Fordelen er at eg kan ha så lange arbeidsdagar eg vil, utan at det går ut over nokon familie, ler ho.
Nesse fortel at ho var nøydd til å satsa om ho skulle driva vidare. Frå 2034 er det krav om lausdriftsfjøs for alle. Alt frå i år av er det krav om eigen kalving- og sjukebinge i fjøset, fortel ho.
– Dette lausdriftkravet tar nok knekken på mange som driv med storfe. Difor eg glad for at også ein annan bonde her ved Nessevegen er i ferd med å byggja ny driftsbygning. Dei driv med mjølkeproduksjon, og me som driv med ammekyr vil gjerne ha mjølkebønder nær oss, fortel ho.
Meir nydyrking
Satsinga på nytt fjøs er elles ikkje den einaste investeringa ho må ta for å sikra framtida. På grunn av auka dyretal treng ho å auka grovfôrproduksjonen. Til hausten startar ho difor opp med eit større nydyrkingsprosjekt i det området der både ho og faren i si tid såg for seg at det kunne byggjast vindmøller.
– Det er dyrt å kjøpa fôr, og også sikrast å utvida eige areal med tanke på spreieareal for naturgjødsel, seier ho.
Nesse er odelsjente og har knapt nokon gong vore i tvil om yrkesvalet.
– Eg har vakse opp her på garden, og utdanna meg til agronom på Tveit vidaregåande i Tysvær, fortel ho.
Forpaktaravtale
Seinare har ho vore avløysar på fleire sveiogardar og med på anleggsarbeid eit par år før ho fekk meir ansvar heime. I 2022 overtok ho ammekuproduksjonen og inngjekk ein tiårig forpaktaravtale med faren, Steinar Nesse. Når tiårsperioden er over, eller kanskje før, reknar Maria med å overta heile gardsdrifta.
Steinar Nesse driv framleis delar av garden, med gris, litt sau og kraftproduksjon via solceller. Som Vestavind tidlegare har skrive om, har Steinar Nesse også inngått avtale med Endra om utleige av eit 170 mål stort område til vidare solenergi-produksjon.
Dette solcellekraftverket er framleis til konsesjonsbehandling hos Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE). Steinar Nesse blir elles gjest på eit frukostmøte Sveio Næringsforum skal arrangera 24. mai med mellom anna miljø og klimatiltak som tema.
Elles hjelper dei kvarandre, dei tre generasjonane som bur på Nesse-garden. Maria sin farfar er også framleis med i arbeidet. Vestavind observerte han for eksempel i ein gravemaskin, i ferd med å fylla eit traktortilhengar med stein til ein veg under bygging.