næringsliv
Samlar seg om sentrumsforeining
Interimstyret er på plass, og målet for Sveio sentrumsforening er å skape felleskap, større aktivitet og gjera synleg kva tilbod ein har i Sveio.
Det var eit kvinnesterkt oppmøte på det opne møtet om sentrumsforeining forrige tysdag. Kvinnene utgjorde sju av åtte frammøtte, og det er berre kvinner i interimstyret.
Kanskje det er det som må til for å få fart på ei sentrumsforeining det har vore snakk om å skipa sidan 2018.
– No måtte vi berre komme i gang. Det var naudsynt å få organisert oss i ei foreining i høve til mange ting. Mellom anna for å bli registrert i Brønnøysundregistrene. For å få det til måtte vi ha eit midlertidig styre og vedtekter. Derfor er det gjort før dette møtet. Neste år blir det evaluering, ordinært årsmøte og val, informerte Grethe Lier Alne i Sveio Blomster og Gaver om då ho opna møtet.
Sentrum først
Alne er sekretær i interimstyret, som har Åse Katla i Sveio Bok og Leker som leiar. Line Remøy Bertelsen har teke på seg kasserarjobben, og siste medlem i styret fall på plass i løpet av møtet: Guro Røher Eriksen.
Det har vore tilbakemeldingar på invitasjonen som vart send ut at mange verksemder i Sveio ikkje ligg i sentrum. Diskusjonen rundt bordet blei greit oppsummert av Remøy Bertelsen:
– Vi håper å få til å fremme sentrum til å begynne med, og etter kvart vil vi jobbe for å nå heile Sveio.
Det mangla ikke på gode idear til kva ein kan få til i eit felleskap, frå kurs for medlemsbedriftene til Halloween i Sveio Golfpark. Hovudmålet er å skape meir aktvitet som trekk flest mogeleg til Sveio. Då må ein satse på arrangement som også fenger barn og unge, hyttefolk og haugesunderar.
Årshjul og medlemsmøte
Og sentrumsforeininga må bli god på å informere om alt som skjer slik at ein når ut til flest mogeleg. Det er også viktig for felles marknadsføring utad.
Tilbakemeldinga til interimstyret på møtet var at ei oversikt for året måtte lagast så snart som råd. Det blir gjort på første styremøte 3. mars. Styret skal også jobba med å få best mogeleg oversikt over aktuelle medlemmer slik at enno fleire får invitasjon til første medlemsmøte.
Der vil mellom anna årshjul, kontingent og gode idear stå på planen. Har du ikkje fått invitasjon, og vil vera med, kan du ta kontakt med ein av medlemmene i interimstyret.
Første arrangement i 2020 er allereie på plass. I slutten av mars kjem Finn Schjøll til soknehuset.