næringsliv
Ølen Betong med rekordkontrakt
Ølen Betong har inngått si største kontrakt nokosinne for levering av betongelement og ferdigbetong til E02 Rogfast Midt. Betongelementa skal bli produsert i Sandeid og Sveio.
(GRANNAR): Dette opplyser Ølen Betong i ei pressemelding. Dagleg leiar Lars Norekvål omtalar kontrakten som ein milepåle for selskapet.
— Rogfast er eit av Noregs største samferdselsprosjekt, og me er stolte over igjen å bli valde som leverandør til denne viktige utbygginga, seier dagleg leiar Lars Norekvål i Ølen Betong.
Produksjon i Sandeid
Kontrakten omfattar levering av 390.000 kubikkmeter med samferdselselement og 120.000 kubikkmeter ferdigbetong til prosjektet, som er ein del av verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.
Betongelementa vil bli produserte ved Ølen Betong sine anlegg i Sveio og Sandeid, medan ferdigbetong vert levert frå eit mobilt blandeverk som vert stasjonert på Kvitsøy for å sikre effektiv og presis levering. Den omfattande kontrakten er inngått med Implenia Norge AS (JV Implenia/Stangeland). Statens vegvesen er byggherre for prosjektet.
— Dette viser at kompetansen, kapasiteten og kvaliteten vår møter dei høge krava i eit prosjekt av denne storleiken, seier Norekvål.
Opnar i 2033
Prosjektet Rogfast vil knyte saman Rogaland og Vestland fylke og redusere reisetida mellom Stavanger og Haugesund/Bergen betydeleg. Som ein viktig del av Noregs nasjonale transportplan vil prosjektet bidra til betre framkome og auka verdiskaping i regionen. E39 Rogfast er eitt av landets aller største samferdselsprosjekt, og Boknafjordtunnelen er planlagt opna i 2033.
I pressemeldinga skriv Ølen Betong at dei ser fram til å samarbeide tett med Implenia Norge AS for å levere berekraftige og kvalitetsmessige løysingar til prosjektet. Oppstart av ferdigbetongleveransane byrja i november, medan produksjon av samferdselselementa byrjar ved årsskiftet og vil pågå over fleire år.
— Implenia Norge AS har samarbeidd med Ølen Betong i mange vellukka samferdselsprosjekt dei siste åra. Både når det gjeld ferdigbetongleveransar og tunnelelement, er me svært nøgde med å kunne halde fram det gode samarbeidet også på E02 Rogfast Midt. Når det gjeld kapasitet, kvalitet, berekraft, kunnskap, erfaring og leveringspresisjon, skårar Ølen Betong høgt i våre evalueringar og totalvurderingar, og me ser fram til vidare godt samarbeid i dette prosjektet, seier innkjøpssjef i Implenia Norge AS, Robert Nyquist.