næringsliv
Ny rekordkontrakt til Ølen Betong
Ølen Betong har sikra seg nok ein kontrakt til Rogfast-prosjektet. Bedrifta skal levera betongelementer, ferdigbetong og kommunalvarer til ein verdi av 760 millionar kroner.
Kontrakten er inngått med Skanska Norge AS og gjeld parsellen E04 Boknafjordtunnelen Nord. Kontraktsummen er altså verd 0,76 millardar kroner inklusive meirverdiavgift.
Dette kjem i tillegg til kontakten Ølen Betong fekk tidleg i juli på sørlege del av Rogfast. Den blei presentert som selskapet sin største enkeltkontrakt nokon sinne med levering av 19.800 betongelement.
Elementa skal produserast ved Ølen Betong sine spesialfabrikkar for samferdsleelement i Mølstrevåg og Sandeid. Ferdigbetongen skal leverast frå blandeverket på Gismarvik, og kommunalvarer frå fabrikken i Ølensvåg.
Må tilsetta fleire
Kontrakten sikrar god aktivitet over fleire år. Den er på ca. 340.000 kubikkmeter betongelement, 115.000 kubikkmeter ferdigbetong, samt røyr og kummer, skriv Ølen Betong i ei pressemelding.
– Kontrakten vil gi god aktivitet med produksjon av betongelement både i Mølstrevåg og Sandeid i ein periode over fleire år med oppstart allereie i januar 2024. Den auka aktiviteten betyr at me må tilsetta fleire produksjonsarbeidarar. I tillegg vil vår avtale gi store ringverknadar lokalt med omsyn til innkjøp av produksjonsutstyr og diverse råvarer, seier Geir Arild Søndenå, divisjonsleiar Element.
Takkar for tilliten
Dagleg leiar Lars Norekvål er svært nøgd med ein ny rekordkontrakt og det gode samarbeidet selskapet har hatt med Skanska Norge på ei rekke store prosjekt.
– Me er svært nøgde med kontrakten me har inngått med Skanska på eit viktig regionalt og nasjonalt prosjekt som Rogfast, og takkar for tilliten dei nok ein gong har vist oss. Ølen Betong har over fleire år posisjonert seg for å bli leverandør til Rogfast-prosjektet, og då er det veldig hyggeleg å lukkast med leveranse innanfor alle våre tre hovudsegment, seier Norekvål.
Døgndrift
For både blandeverket på Gismarvik og transportselskapet til Ølen Betong, betyr levaransane døgndrift over fleire år.
– Kontrakten styrkar vår posisjon som den leiande aktøren på leveransar av ferdigbetong til større samferdsleprosjekter i Noreg, seier Geir Finnesand, divisjonsleder Ferdigbetong .
E39 Rogfast er eit av landets aller største samferdsleprosjekt. Boknafjordtunnelen, som Skanska er med å bygga, vil når den er ferdigstilt vera verda lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.