næringsliv

No er Frøvik Elektro miljøfyrtårn

Frøvik Elektro AS på Bjelland har blitt Miljøfyrtårn. Torsdag overrekte ordførar André Mundal Haukås diplomet som stadfestar at elektroinstallatøren har kvalifisert seg til landets mest brukte miljøsertifikat.

Publisert Sist oppdatert

Frøvik Elektro AS er dermed den sjuande private verksemda i Sveio som har fått status som Miljøfyrtårn. Seinast i mars var ordføraren i Ekrene næringspark med eit tilsvarande diplom til selskapet R. B. Johannessen AS.

Krev meir kjeldesortering

– Me starta prosessen med å kvalifisera oss til miljøfyrtårn i januar, fortel Arild Frøvik.

Saman med ein ekstern konsulent har dei tilsette gått gjennom alle rutinar og utforma målsetjingar som dei skal levera rapportar om kvart år. Mellom anna skal dei målast på straum- og dieselforbruk. Dei seks tilsette får strengare krav til sortering av avfall. Verksemda har også installert varmepumpe i kontorlokala og skal installera solcellepanel på taket. Dei har også gått gjennom sine 20 største leverandørar av materiell og sjekka miljøsertifiseringa deira.

– Me har berre ein elbil. Dagens elbilar har for kort rekkevidde og for liten lastekapasitet for oss. Det har me fått forståing for under sertifiseringsprosessen, forklarar Frøvik.

Kan gi fortrinnsrett

– Frå 1. januar 2024 skal kommunen og andre offentlege organ stilla miljøkrav ved utlysing av jobbar som me kan konkurrera om. Med miljøsertifikat har me då krav på å få oppdraget sjølv om ein konkurrent utan miljøsertifisering leverer eit tilbod som er inntil 30 prosent lågare, fortel Frøvik.

Han ser ikkje bort frå at det kan koma skjerpa krav om bruk av materiell frå sertifiserte leverndørar også. Og i framtida trur han også det kan koma liknande miljøkrav frå private oppdragsgjevarar, sjølv om dette vil medføra høgare byggekostnader.

Sikrar arbeidsplassar

Ordførar André Mundal Haukås er nøgd med at private verksemder og kommunale og fylkeskommunale einingar i Sveio tar miljøutfordringane på alvor.

– Det at verksemder i kommunen, som Frøvik Elektro AS, vel å bli miljøsertifiserte synest eg er veldig bra særskilt av to grunnar. Det viser at dei tar eit viktig miljøansvar. Og ikkje minst at dei sikrar at me har trygge arbeidsplassar i kommunen ved at dei held fram med å vera konkurransedyktige, seier Mundal Haukås.

Feira med kake

Ordføraren deltok på markeringa saman med Stine Lise Espeland, som er rådgjevar innan arealplanlegging i Sveio kommune. Og dei kom ikkje tomhendte. I tillegg til miljøsertifikatet hadde dei også med seg kake frå kommunen til feiringa av verksemda sin nye status.

Frå verksemda møtte Arild Frøvik saman med Jane Landa. Ifølge Frøvik er det Landa som har hatt mesteparten av arbeidet med å tilpassa arbeidsplassen til krava for miljøsertifisering.

Powered by Labrador CMS