næringsliv

– Første veka etter nedstenginga hadde me ein omsetnadssvikt på 75 prosent. Dette talet har gradvis gått nedover. Nå ligg me på rundt 50 prosent. seier dagleg leiar Oskar Kirkeleite
– Første veka etter nedstenginga hadde me ein omsetnadssvikt på 75 prosent. Dette talet har gradvis gått nedover. Nå ligg me på rundt 50 prosent. seier dagleg leiar Oskar Kirkeleite

Måtte kasta ferskvarer for nær ein million

Haugaland Storhusholdning AS på Ekrene har så langt fått 213.449 kroner i kompensasjon for tapt omsetnad i mars på grunn av koronakrisa.

Publisert Sist oppdatert

– Me er nøgde for det me har fått, men har sendt ny søknad for april. Og så ventar me på ei tiltaksordning som kan dekka dei store tapa me har hatt på grunn av ferskvarer som måtte kastast, seier dagleg leiar Oskar Kirkeleite til Vestavind.

Han forklarar at verksemda på Ekrene kom dårleg ut då «brytaren blei skrudd av» 12. mars, nettopp fordi dei hadde mykje ferskvarer på lager.

– Det kan vera snakk om tap på opp mot ein million kroner, seier Kirkeleite.

Sjølv om verksemda han leiar har hatt store tap, ser han likevel litt lys i tunnelen.

– Første veka etter nedstenginga hadde me ein omsetnadssvikt på 75 prosent. Dette talet har gradvis gått nedover. Nå ligg me på rundt 50 prosent.

Må søkja månad for månad

I tillegg til Haugaland Storhusholdning AS finn me Sveio Taxi DA, Helge Tofte Taxi, Albatross Spa AS og Turid Salong er mellom 16.504 verksemder som har fått kompensasjon frå staten så langt.

I alt har staten så langt betalt ut ca. 710 millionar i såkalla kontantstøtte til næringsverksemder. Utbetalingane gjeld for mars månad. Verksemdene må søkja om kompensasjon månad for månad, opplyser Ruth Helen Rist i Skatteetaten si presseavdeling.

Det er Skatteetaten som har fått oppdraget med å administrera  kompensasjonsordninga. Etaten har utarbeidd eit oversyn over verksemder som har fått kompensasjon. Det er mogleg å filtrera ned på fylkesnivå, men ikkje på kommunenivå.

Tabellen viser at det innan utgangen av april var gitt kompensasjon til 1.754 verksemder i Vestland, medan 678 søknader frå same fylket var avslått. Kven som får avslag, blir ikkje offentleggjort.

Fleire sveioverksemder

Ein gjennomgang av tabellen viser at fem sveioverksemder til nå har fått kompensasjon for mars. Haugaland Storhusholdning AS på Ekrene har fått mest av desse, nemleg ein kompensasjon på 213.449 kroner.

Verksemda hadde i mars i 2019 ein omsetnad på 13,6 millionar kroner.  I mars i år var omsetnaden 4,4 millionar kroner lågare. Haugaland Storhusholdning AS har såkalla uunngåelege faste kostnader på 728.502 kroner i perioden.

Haugaland Taxi Da har fått ein kompensasjon 43.177 kroner etter at omsetnaden i mars blei bortimot halvert frå mars i fjor til mars i år. Omsetnadsnedgangen var på 428.518 kroner. Taxisentralen sine faste uunngåelege kostnader var på 113.134 kroner.

Helge Tofte Taxi har fått 10.238 kroner i kompensasjon for ein omsetnadssvikt å 138.000 kroner. Dei faste uunngåelege kostnadene var her på 37.653 kroner.

Albatross Spa AS var ein av dei verksemdene som blei pålagt å stengja heilt som følgje av koronakrisa. Verksemda har nå fått ein kompensasjon på 12.422 koner, medan Turid Salong i Førde hare fått 7.982 kroner i kompensasjon. Også frisørane blei pålagde å stengja.

Powered by Labrador CMS