næringsliv

Bremnes Seashore har oppdrettsanlegg fleire stader i Sunnhordland. Bildet viser anlegget ved Loddetå i Ålfjorden. Foto: Ellen Marie Hagevik
Bremnes Seashore har oppdrettsanlegg fleire stader i Sunnhordland. Bildet viser anlegget ved Loddetå i Ålfjorden.

Mange tilsette må gå frå Bremnes Seashore

Over 100 tilsette vil mista jobben i Bremnes Seashore når konsernet no har bestemt seg for å avvikla produksjonen av Salma-produkt.

Publisert Sist oppdatert

Dei tilsette blei informerte om dette tysdag føremiddag. Det er enno ikkje klart om nedbemanninga vil råka nokon av Bremnes Seashore sine tilsette i Sveio.

– Me startar no ein prosess med dei tilsette. Målet er at alle skal få beskjed innan utgangen av januar, seier konsernsjef Linda Litlakalsøy Aase til Vestavind.

Taper titals millionar

I ei pressemelding frå konsernleiinga forklarar Aase kvifor Salma-produksjonen no blir avvikla.

– Salma har vore eit eventyr som har sett norsk laks på verdskartet og og gjort oss stolte i heile organisasjonen. Men økonomiske realitetar kgjer at me ikkje lenger kan forsvara ei vidare satsing på Salma.

Dei økonomiske realitetane er at Salma-produksjonen har gått med underskot dei siste åra. Prognosar tyder på at konsernet risikerer å tapa fleire titals millionar kroner årleg på å halda fram med denne produksjonen, blir det opplyst i pressemeldinga.

Leiinga meiner marknadssitusjonen har endra seg. Dyrtida gjer at mange ikkje lenger har råd til høgforedla lakseprodukt. Styresmaktene får også litt av skulda ved at dei, etter konsernleiinga si meining, ikkje har lagt forholda godt nok til rette for norsk eigarskap og foredling i Noreg.

Satsar på kjerneverksemda

Ressursane som blir frigjorde ved at Salma-produksjonen blir lagt ned, skal brukast til å vidareutvikla resten av Bremnes Seashore si satsing på lakseproduksjon.

Bremnes Seashore har i dag rundt 600 tilsette frå 26 nasjonalitetar.

Powered by Labrador CMS