næringsliv

Unikt tilbod til eldre over heile landet:

Nina Haara MatreRørsle
Frå februar får grupper à fem eldre om gongen moglegheit til å trena og drøsa med Nina Haara Matre i Rørsle, 50 minutt i slengen. – Begge deler er like viktig, seier den friske 43-åringen, som brenn for å auka livskvalitet og god folkehelse. Prosjektet er støtta av Stiftelsen Dam, som forvaltar 50 millionar kroner for Helsedirektoratet, som ein tiltakspakke for sårbare eldre.

Logg på for trening og drøs – med instruktør frå Sveio

For eldre er det å trena styrke og balanse viktig for å bu heime og klara kvardagslege gjeremål. Treningsinstruktør Nina Haara Matre i Rørsle har fått støtte til eit unikt prosjekt, som gjer at eldre frå heile landet kan trena og vera sosiale på same tid – utan å gå ut døra.

Publisert Sist oppdatert

Stiftelsen Dam

• Regjeringa har løyvd 400 millionar kroner til ein tiltakspakke for sårbare eldre. Som ledd i dette har Stiftelsen Dam fått i oppgåve av Helsedirektoratet å forvalta 50 millionar kroner.

• Stiftelsen Dam er ein av Noregs største stiftelsar og gir pengar til helse- og forskingsprosjekt som skal gi betre helse gjennom deltaking, aktivitet og mestring for folk i Noreg.

• Målgruppe for programmet er frivillige organisasjonar med helseformål som er godkjent som søkarorganisasjon i Stiftelsen Dam, i dette tilfellet Seniornett.

• Programmet skal støtte tidsavgrensede tiltak med mål om å fremma levekår, fysisk og psykisk helse, meistring, livskvalitet eller sosial deltaking hos sårbare eldre og eldre som har fått redusert tenestene sine grunna smittevernhensyn forbundet med koronapandemien.

• Det skal prioriterast å gi støtte til besøksvert- og besøksvenntenester retta mot eldre, tiltak som sikrar sosialt samvær eller tilbyr praktiske tenester, møteplassar og aktivitetar for eldre som er sosialt isolert som følgje av smitteverntiltakene, og dessutan tiltak for å betra beredskapen til organisasjonane for opprettholdelse av tilbod til sårbare eldre.

• Seniornett er 2. desember tildelt 300 000 kroner for prosjektet «Digital rørsle for eldre» ved prosjektleiar Nina Haara Matre.

Kjelde: www.dam.no

Dei færraste følgjer anbefalingane frå myndigheitene om å trena 2-3 gonger i veka. Mange eldre har også fått ein einsam kvardag etter at pandemien kom. Dette har Nina Haara Matre anka på, og har no fått ein like gira samarbeidspartnar i Seniornett og Pensjonistforbundet til å gjera noko med saka. Dei har gått saman, og fått støtte til å etablera kontakt med inntil 100 eldre, for å ha tilpassa styrketreningstimar over nett. Instruktøren og deltakarane skal treffast i ei digital gruppe – ansikt til ansikt, via skjermar og Teams.

Stol, bok og ein skjerm

– Opplegget skal vera tilpassa slik at alle kan meistra. Folk skal føla seg trygge og sett, både før og etter treninga, lovar Matre, som medgir at ho har omsorg for den eldre generasjonen. Meistring av digitale verktøy blir også ein del av opplegget, for skal ein vera med, må ein i tillegg til ein stol og ei tung bok, ha tilgang på data eller eit nettbrett.
Her vil Seniornett vera med og bidra til den digitale kompetansen, så det er mogleg å få hjelp,
– Å læra nye ting er ikkje berre for unge, dei eldre skal også få kjenna på slik meistring, og få ein piff i kvardagen, seier Matre.

Styrke og balanse

Det betyr innhaldsrike dagar for det relativt nye føretaket, som held til på Fjon.

– Frå starten av februar og ut mai er fire av dagane i veka fullbooka – eg skal ha fem økter dagleg med tilpassa digital styrke- og balansetrening for dei som har meldt seg på. Den sosiale biten er viktig. Det vil bli ein runde «rundt bordet» først, der alle skal få snakka. Opplegget er testa ut med fire godt vaksne damer frå Vindafjord, Telemark, Sveio og Hyllestad no i vinter, i anledning prosjektstøtta. Det har fungert veldig bra, sjølv om fleire av dei var litt negative i starten, smiler Matre.

Sa opp jobben for å satsa

Matre er utdanna sivilingeniør innan petroleumsteknologi, og jobba i Statoil då ho fann ut at tida var inne for å byggja opp noko for seg sjølv – nyttårsaftan var det nøyaktig fire år sidan. Forutan at familien hennar har opparbeida Base Camp Ålfjorden, ein campingplass for bubilar, har trebarnsmora tatt PT-utdanning (PT står for personleg trenar) ved Norges idrettshøgskole, og tatt praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Å læra nye ting er ikkje berre for unge, dei eldre skal også få kjenna på slik meistringNina Haara Matre, treningsinstruktør

Enkeltpersonsføretaket Rørsle blei til hausten 2019. I midten av mars, då mykje blei sett på vent, hadde ho drive som treningsintruktør i Rørsle i rundt seks månadar, og var godt i gong med å fylla dagane med treningsopplegg for kundar, både heime hos eldre og på Fjon.

«La ikkje ei krise gå til spille»

Det blei sjølvsagt bråstopp og mange tankar melde seg, men det tok ikkje lang tid før krisetankane gjekk over.

– Eg hugsar at eg sa til mannen min Nils at me må gripa sjangsen. Kriser treng ikkje vera noko negativt, me må heller tenka nytt, fortel Matre, som opphavleg er frå Vats.

43-åringen fortel at ho alltid har likt å vera med seniorane i samfunnet, ho har også tatt kurs for å læra meir om eldretrening, og hadde opplegg for fleire eldre før samfunnet stengde ned. Ho veit at tida etter 12. mars har vore tung for mange. Sjølv om mykje no kan fungera med godt smittevern, er det ikkje alle som er tilbake til den nye normalen.

Fart i planane

– Fleire har sagt at «no skjer det ingenting». Eg likar ikkje tanken på at folk skal sitja heime aleine, og har tenkt på kva eg kan gjera for å bidra til det sosiale og fysisk aktivitet, seier Matre. Idéen om digitale gruppetreningar for eldre har vore der ei stund, men utan å vita korleis ho kunne realisera det på ein god måte. Ved ei tilfeldigheit fekk ho høyra om Pensjonistpodden på TV-programmet God Morgen Norge i midten av november. Jan B. Sørensen, som har podkasten i lag med kona viste veg, og ballen begynte å rulla fort.

– Då fekk eg tak i dei rette personane, og eg fekk god respons på idéen. Eg blei oppmoda til å presentera prosjektet for Dam-stiftelsen, og 2. desember fekk eg vita at Seniornett har fått støtte til prosjektet, med meg som prosjektleiar, fortel Matre. Desemberdagane blei med eitt fullpakka, men prosjektingeniøren er van med hektiske dagar.

Startar i februar

For Matre sin del, vil at gå føre seg i treningsstudioet ho har laga til på Fjon.

– Januar vil gå med til å annonsera, testa lyd og anna utstyr. Oppstart blir i starten av februar, seier Matre.

Dei som er tilknytta Seniornett og Pensjonistforbundet vil få vita om opplegget først, men dersom nokon lokale har lyst til å få meir informasjon tidleg, kan ein kontakta Rørsle, og be om at ein blir sett opp på ei liste. For brukaren har opplegget ein månadspris på nokre hundrelappar.

Ho er opptatt av at ingen må la teknologien setja begrensningar, slik at folk tenker «dette kan ikkje eg».

– Då må dei ta kontakt med meg, ler den kreative og blide sveibuen, som er spent på responsen.

Grunnen til at dette blir mogleg, er prosjektstøtte frå regjeringa i form av ein tiltakspakke for sårbare eldre. Av 400 millionar kroner, har Stiftelsen Dam fått i oppdrag å dela ut 50 millionar kroner (sjå faktaboks).

Deltakarane treng berre ei tung bok, og ein stol – og sjølvsagt ein data eller nettbrett med moglegheit for filming. Her viser Nina Haara Matre ei aktuell balanse- og styrkeøving, nemleg utfall.

Forpliktande trening

Seniornett er ein frivillig organisasjon som jobbar for at eldre skal vera aktive brukarar av IKT og Internett. Generalsekretær Kristin Ruud, generalsekretær har trua på prosjektet.

– Det er eit faktum at mange eldre har blitt sitjande mykje heime dette året, dette er eit prosjekt som vil motverka det. Det er lagt opp til små grupper, og Nina er ei fantastisk jente med energi som liker å både trena eldre og «drøsa» litt, noko som er viktig når du er mykje åleine.

Seniornett likar i prosjekt der eldre får utfordra den digitale kompetansen sin og skapa behov for å halda seg digitale.

– Dette er eit slikt prosjekt, som har potensiale til å bli eit fast tilbod. Mange slit med dørstokkmila, men når ein kan trena utan å gå over dørstokken er det kanskje lettare å halda forsettet. Når du må møta opp, er det meir forpliktande enn treningsvideoar som du kan gjennomføra når du sjølv ønskjer, seier Ruud til Vestavind.

Powered by Labrador CMS