næringsliv
– Kjekt at så mange unge er aktive i «jordbruks-businessen»
– Det er eit aktivt jordbruksmiljø i kommunen og mange unge som driv eller er med i drifta. Til dømes er styret i Sveio bondelag særs ungdomleg. Når så mange unge er aktive i «jordbruks-businessen» i kommunen, så er det håp for framtida. Unge si deltaking gjeld òg i nokon grad skogbruk og næringar med gardsbruket som basis, seier Geir Ragnhildstveit, seniorrådgjevar, plan- og næringseininga i Sveio kommune.
Jordbruksarealet i drift held seg godt oppe i Sveio. Det er likevel eit avvik mellom registrert jordbruksareal og areal det vert søkt om produksjonstilskot for.
– Det kan skuldast at areal ikkje er rett registrert, at noko av arealet vert drive utan at det vert søkt tilskot, men òg at noko av registrert jordbruksareal ikkje vert brukt av ulike grunnar. Det kan vera små eller «kronglete» teigar, teigar som ligg vekke frå anna jord, våte og bratte teigar, men mest innmarksbeite (tidlegare kalla kulturbeite) med mindre produksjonsevne, opplyser Ragnhildstveit i plan- og næringsavdelinga.
Det viktige mangfaldet
Han fastslår at arealet som vert brukt til jordbruk er svært viktig for kulturlandskapet og for å ta vare på mykje av naturmangfaldet. Mange truga artar lever i kulturlandskapet. Blant mange artar kan me no i hekketida for fuglar, nemna vipa.
– Av jordbruksareal er det særleg innmarksbeite som er viktig for naturmangfaldet. I Sveio har me fleire registrerte naturbeitemarker med stort artsmangfald. Her er mange blømande planter som igjen er viktige for bier, humler og andre insekt. Det same gjeld kantareal til åker og eng.
Kystlyngheia
Ragnhildstveit synes også det er viktig å nemna det meir marginale kulturlandskapet som ikkje vert rekna som jordbruksareal, nemnleg kystlyngheia. Den er beiteareal for ein god del sau i Sveio.
– Det er svært kjekt å sjå utviklinga me har hatt siste åra på Haugalandet ved at mykje kystlynghei vert teke vare på og at me har aktive lyngbrennarar. Dei har vist att denne våre, både i kontrollerte brannar, men òg ved å hjelpa til ved å sløkkja villbrannar.
Stabile mjølkekvoter
I Sveio har det over mange år vore stor reduksjon i talet på mjølkeprodusentar. Mengder mjølk i kvotene i Sveio har likevel halde seg bra oppe ved at fleire har satsa og kjøpt kvoter. For om lag 15 år sidan satsa fem produsentar stort og det vart bygd tre nye fjøs med lausdrift og mjølkerobot. Det var samdrifter for to av fjøsa.
Per i dag er det i Sveio 16 eigarar av mjølkekvote. 11 føretak i Sveio produserer mjølk. Eitt av desse er samdrift. I alt disponerer desse føretaka 2 214 416 liter kumjølk. Fire kvoteeigarar leiger ut 550 840 liter kvote til mjølkeprodusentar i Etne, Kvinnherad, Fitjar og Stord.
Berebjelken
– Mjølkeproduksjonen er særs viktig i norsk og vestlandsk jordbruk og er ofte kalla berebjelken. Me i kommunen håpar produksjonen og produsentar i Sveio vil halda seg oppe, seier Ragnhildstveit. Han stikk likevel ikkje under ein stol at det er nokre utfordringar, og mest knytt til at bygging for mjølkeproduksjonen kostar mykje.
I 2004 vart det i «Forskrift om hold av storfe» fastsett at storfe skulle oppstallast i lausdrift, jamfør § 7 sjette ledd. I § 32 i forskrifta er det gjeve frist til 1. januar 2034. Dette kravet betyr mykje når ein mjølkeprodusent skal avgjera om å halda fram med å produsera mjølk. Bygging til lausdrift for mjølkekyr kostar mykje. Når ein gardbrukar først satsar på lausdrift ynskjer dei fleste mjølkerobot for å meir fleksibilitet i arbeidskvardagen. Det dreg kostnaden opp. Den som vil satsa må tenkja mykje på om ei så stor satsing kan bera seg økonomisk.
Avhengig av gode ordningar
Det har vore, og er, mange prosjekt om dette som skal gje støtte og råd til mjølkeprodusentane. Det er Tine si produsentteneste som er viktigaste parten, men det offentlege som Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) har vore viktig støttepart. Sveio kommune har til og med vore så heldig å vera med litt og har arrangert møte i lag med prosjekt «Sats på mjølk i Hordaland».
Elles er dette ei sak som er mykje oppe i landbruket sine faglag. Gode finansieringsordningar vil vera viktig for å halda oppe mjølkeproduksjonen framover. Statlege midlar som Innovasjon Norge rår over er i nokon grad innretta på dette. Emnet vert nok viktig i landbruksforhandlingane. Vestland fylkeskommune har ved fylkesutvalet vedteke innspel til jordbruksforhandlingane og vil ha meir støtte til mjølkeproduksjon, opplyser Geir Ragnhildstveit.