næringsliv
Ikkje lenger faste opningstider i banken
Onsdag er siste dag med drop inn-opning i Haugesund Sparebank. Banken stenger ikkje, men kjem når kundane ønsker møter.
Haugesund Sparebank oppretta kontor i Sveio i 2015 med opning tre dagar i veka. I mars for halvtanna år sidan auka Haugesund Sparebank opningstidene til fem dagar i veka. Samstundes auka også staben med ein tilsett.
— Me vil at sveibuen skal tenka på oss som Sveio-banken, lokal, nær og personleg. Med auka opningstider blir det både enklare å bli kunde hos oss, og at kundane kjenner at dei høyrer til hos oss. Me veit det er mange kundar som ønsker å møta våre rådgjevarar fysisk i dei ulike fasane av livet, og me ser no fram til å vera til stades for sveibuen med personleg kunderådgjeving enno fleire dagar i veka, sa avdelingsleiar Merethe Hansen til Vestavind den gongen.
Færre kjem innom
Ein del har skjedd etter det. Avdelingsleiaren fekk ny jobb, og sveibuen som vart andre tilsette sørga for ein ny sveibu og gjekk ut i fødselspermisjon.
Som mellombels løysing blei det i september innført drop in-dagar to dagar i veka. Onsdag denne veka er siste dag med faste opningsdagar.
– Me har sett at det stadig fleire brukar banken digitalt, og dermed at færre kjem innom utan avtale. Dette er ei endring som har kome fortare enn me såg for oss. Difor endrar me til at kundar som ønsker møte med rådgjevar bestiller dette, og så kjem me til Sveio-kontoret, seier Kristian Hansen, regionleiar personmarknad.
Kontoret består
Han understrekar at banken ikkje legg ned i Sveio, men vil ha kontor og minibank der framleis.
– Me er i ein pågåande fusjonsprosess med Tysnes Sparebank som mest sannsynleg vil vera på plass i løpet av 2025. Då blir det kontor i Leirvik på Stord, og folk som bur nord i Sveio kan bruka dette om dei vil. Og me tar sjølvsagt godt imot dei som kjem til. Haugesund, seier Hansen.