næringsliv
Etterlyser kampvilje for butikk
– Kor er det blitt av valestrendingane sin kampvilje? undrast Jarle Møllerhaug. Han vil framleis vera optimist og håpar det kan finnast folk i bygda med ein kjøpmann i magen.
Laurdag var Møllerhaug den siste som betalte for seg under konkurssalet som blei arrangert av bustyret etter at Valevåg Landhandel AS melde oppbod. Han håpar ikkje han var den siste til alle tider som kan handla daglegvarer i bygda. Møllerhaug har merka seg at mange er lei seg for at butikken måtte stengja dørene.
– Men det verkar som om folk har gitt opp og mista trua på at det kan bli butikk her igjen. Dette er ulikt valestrendingane, som tidlegare har kjempa iherdig imot å missa det dei har, seier Møllerhaug.
Han er dagleg leiar og styremedlem i Valevåg Senter AS, som eig forretningsbygget. Laurdag møttest han og dei to andre eigarene av forretningsbygget, Trygve Spångberg (styreleiar) og Arild Frøkedal, for å diskutera framtida for bygget og selskapet deira.
Håpar på butikk
– Vår førsteprioritet er å få inn ein ny daglegvarebutikk i lokala. Det var difor me kjøpte bygget. Eg forstår at det ikkje er enkelt, men trur framleis at det kan vera mogleg for den rette å driva butikk med forteneste her i bygda. Kanskje kunne det koma eit initiativ frå bygdelaget eller andre, seier Møllerhaug.
Han har mellom anna også vore i kontakt med Lars Helgeland i Merkur-programmet, som mellom anna har opplyst at halvparten av dei butikkane som blir stengde, opnar igjen.
Men Møllerhaug åtvarar også om at dei ikkje halda bygget til disposisjon på ubestemt tid.
Aktuelt å selja
– Det er dyrt å ha bygget ståande tomt over lengre tid. Skjer det ikkje noko på butikkfronten innan nokre månader, må me vurdera andre tiltak. Mest truleg blir bygget då lagt ut for sal, seier Møllerhaug.
Om det blir lett å selja, har han ingen klare meiningar om.