næringsliv

Rådmann Jostein Førre (f.v.), varaordfører Ruth Grethe Østebøvik Eriksen, ordførar Linn Therese Erve, Bjarte Stølås Storli, og Ole-Ørjan Hov (MDG).
Rådmann Jostein Førre (f.v.), varaordfører Ruth Grethe Østebøvik Eriksen, ordførar Linn Therese Erve, Bjarte Stølås Storli, og Ole-Ørjan Hov (MDG) på talarstolen.

Eit budsjett for heile kommunen

Nytt budsjett og økonomiplan for Sveio for åra 2020 til 2023 er vedteke, med nokre endringar.

Publisert Sist oppdatert

Endringar frå politikarane, i korte trekk:

Drift:

Reduksjon i eigedomsskatt i tråd med regjeringas intensjonar. Eigedomsskattesatsen blir på 2 promille for å sikra implementering av reduksjon i eigedomsskatten gjennom den sentrale mekanismen frå regjeringa. Estimert inntektsreduksjon 900.000 kr. finansierast gjennom reduksjon i forventa overskot.

God infrastruktur i heile Sveio. Det er viktig å sikre god og tidsriktig infrastruktur i heile Sveio. Rådmannenen bes legga fram ei sak som inneheld ein strategi for korleis ein skal sikre breibanddekning i heile kommunen. Saka skal innehalde vurdering av alternative/nye teknologiar.

Oversikt over eigedomsportefølje. Rådmannen bes etablere ein oversikt over den totale eigedomsportefølja til kommunen. Dette inkluderer verdivurderingar, behovsvurderingar (framtidig nytte) og ein strategi for avhending av eigedommar, som ikkje har konkret nytteverdi for kommunen.

Effektiv integrering av innvandrarar er viktig. Ein opplever nå aukande tilbakemeldingar om at språkopplæringa er blitt krevjande etter at denne blei vedteken gjennomført på nynorsk. Rådmannen bes utarbeide ei sak, som vurderar konsekvensane av å innføra bokmål/valfri målform i vaksenopplæringa.

Styrka marknadsføring av Sveio med tanke på auka busetnad og auka næringsverksemd. Rådmannen bes utarbeide ei prosjekt/åremålsstilling knytt til næringsutvikling, sal av Sveio som bukommune og identifisering av statlege- og EU-midlar inngår.

Ei verdig og effektiv eldreomsorg. For i sikre dette, bes rådmannen fremme ei sak som belyser behova for, og korleis ein kan auke tilgangen på enkle boligar for eldre i nærheita av kommunale tilbod.

Etterslep på restanselista. Rådmannen bes kjøpe inn eksterne tenester for å sikra ferdigstilling av planar (kommuneplan, delplan for Sveio sentrum, og områdeplan Ekrene Vest).

Styrka fysioterapi-tilbod. For å styrka og sikra eksisterande- fysioterapitilbod i Sveio, bes rådmannen utarbeide ei sak med sikte på å utvide tilbodet med driftstilskot knytt til fysioterapi med ytterlegare ein heimel.

Auka støtte til lag og organisasjonar med kroner 100.000. Finansierast gjennom reduksjon i forventa overskot

Ombygging av skulehuset på Bua blir lat inn som investering investeringsbudsjettet for 2020. Finansierast gjennom reduksjon i forventa overskot.

Ekstra støtte til Fartein Valen Festivalen. Finansierast gjennom reduksjon i forventa overskot.

Investeringar:

Rehabilitering av kommunehuset.

Det vert kun sett av 600.000 til planlegging i 2020.

Sveio barnehage.

Det vert kun sett av 600.000 til planlegging i 2020

Styrka arbeidet med trafikksikring. Med det som ligg inne i trafikksikringsplanane. Det blir sett av betydelege midlar til trafikksikring dei kommande åra. Rådmannen bes utarbeide ein plan for korleis desse midlane skal brukast og sikra raskast mogleg effektuering av planlagde trafikksikringstiltak.

Bygging av nærmiljøanlegg i bygdene i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.  Rådmannen bes utarbeide ei sak som tek sikte på å: Etablere eit forskotteringsfond for spelemidlar til nærmiljøanlegg etter same modell som for ordinære idrettsanlegg. Flytta midlar som skulle brukast til leikeplass ved kommunehuset til eit fond, som kan gi direkte tilskot til einskilde nærmiljøanlegg. 

Planlegging av vassleiing til Flatnes. Ein vil førebels flytta 350.000 kroner til 2021.

Drikkevannssituasjonen på Ryvarden er ustabil og ikkje minst kostbar for kommunen. Rådmannen bes utarbeide ei sak som belyser alternative og kostnadseffektive drikkevannsløysingar. Driftssikker drikkevannskilde bør vera klar til opning av Flokehyttene.  

Bruk og regulering i strandsona knytt til naust og rorbuer har over tid vore noko uklart/variabelt praktisert. Det er viktig at ein får etablert reguleringar, som harmonerar med den reelle og tiltenkte bruken. Det er derfor ønskjeleg at ein der det er hensiktsmessig å omklassifisera naust til «fritidseigedom». I tillegg til å syte for samsvar mellom reelle formål og regulering, vil ei slik omregulering sikre auka inntekter i form av eigedomsskatt.

Resterande midlar frå havbruksfondet, som ikkje alt er tatt i drift 2020, skal setjast på fond til fleirbrukshall.

gjort kom frå samarbeidet mellom Ap, Frp og dei to uavhengige kommunestyrerepresentantane. Men H, Sp, KrF, MDG og SV fekk også inn nokre endringar på slutten.

Krevjande budsjett 

Rune Teikari i Frp er nøgd med budsjettet.

– Årets budsjett er eit krevjande budsjett med lite handlingsrom. Sveio Frp er likevel glade for at me gjennom god dialog med Ap og dei uavhengige representantane har fått gjennomslag for fleire av våre viktige saker. Spesielt gledeleg er det å sjå at me også har funne rom for ytterlegare reduksjon i eigedomsskatten. Fortsatt satsing på breiband i heile kommunen, klar satsing på trafikksikring, auka marknadsføring av Sveio og auka støtte til lag og organisasjonar er viktige saker som me er svært glade for å ha fått på plass. Styrka innsats for å ta ned etterslepet innan prosjektgjennomføring og planarbeid er også viktige områder, som er kome på plass i budsjettet.

Håkon Skimmeland i Arbeidarpartiet er glad for utfallet av budsjettforhandlingane.

– Me har ikkje brukt mykje pengar, me har tvert imot flytta litt på ting. Elles kan eg nemna 100.000 til lag og organisasjonar, som er ein kjempesak, og det var eit klart fleirtal i kommunestyret som ønska å støtta Fartein Valen festivalen, så då blei dette implementert heilt på tampen, fortel han.

Senterpartiets Monica Valen skulle helst sett at det blei brukt meir pengar på skule og helse.

– Senterpartiet saman med Høgre, KrF, MDG og SV ønskte blant anna å styrka budsjettet til helse og skule, men blei nedstemt med 13 stemmer. Ap og Frp ville blant anna redusera eigedomsskatten slik at Sveio kommune i praksis får omlag 900.000 kroner mindre i driftsbudsjettet. Dette til tross for  rådmannen sine prognosar, og at ein veit at det er utfordringar innan helse og skule. I tillegg har ein fått skriv frå utdanningsforbundet i Sveio kommune som beskriv utfordringane i skulen og at det er eit sterkt behov for å styrka skulebudsjettet, seier Valen.

Lars Einar Hollund i Høgre er einig med Valen når det gjeld skule og helse.

– Høgre er mest nøgde med at Ap og FrP har tatt med vårt forslag om å auka støtta til frivillige lag og organisasjonar med 100.000 kroner, og at me fekk fleirtal for å sikra Bua-bygda tilgang til oppgraderte møtelokale på det gamle skulehuset. Vår største bekymring er den fråverande prioriteringa av skule og helse. Ap og FrP prioriterer å redusera kommunen sine inntekter frå eigedomsskatt i staden for å sikra helsevesenet og skulen nødvendige midlar for å handtere pågåande utfordringar.

Ordførar Linn Therese Erve og Bjarte Stølås Storli høyrer på Lars Einar Hollund (H) på talarstolen.

Prioriterar integrering

Jarle Jacobsen i Kristeleg folkeparti er glad for at integrering av flyktningar har blitt prioritert.

– Eit ellers stramt budsjett strammes ytterligare til med Ap, Frp og dei to uavhengige med knappast mogleg margin. Eg trur ein million kroner ekstra til både helse og skule hadde gjort seg utrulig bra, men det er tydeligvis ikkje det fleirtalet i kommunestyret ønskjer. Eg er for øvrig svært nøgd med at me vel å leggje oss på det same talet flyktningar som Integrerings- og mangfoldsdirektoratet anbefaler oss å ta inn. Arbeiderpartiet måtte ha eit gruppemøte om saka, og støtta heldigvis resten av partia, forutan Framstegspartiet, i denne saka.

Sveio SV ønskjer at barnetrygda ikkje blir rekna som inntekt ved berekning av sosial stønad.

– I budsjettet som fekk fleirtal i kommunestyret sakna me auka rammer til skule, og helse- og omsorg. Fleirtalet gjekk heller ikkje inn for at barnetrygda ikkje skal reknast som inntekt ved berekning av sosial stønad, noko som dei fleste av kommunane rundt oss no har gjort vedtak om. Me sakna og aktive klimatiltak for sjø- og landbruk, seier Kristina Ballard (SV).

Powered by Labrador CMS