næringsliv
Nyetablerte handverkarar i sving:
– Det var befriande å koma i gong
Dagane til nyetablerte Rørleggermester Halland & Fosse er i ferd med å fyllast med oppdrag. Det tar tid å oppretta seg ein kundekrets, men dei to kompanjongane har god tru på at dei vil klara å etablera seg.
Det er to tidlegare kollegaer som no satsar saman, begge busett i Førde. Kristian Halland (33) og Ingve Fosse (31) kjenner kvarandre ut og inn, og veit kva den andre står for. Begge tilbakelagt ein del år i Rørlegger Thuestad AS. Som lærling var Fosse mykje saman med Halland, dei har også tatt meisterbrev i lag.
Lappa leidning
Dagen Vestavind møtte det nye røyrleggjarfirmaet, hadde dei to tilsette brukt delar av føremiddagen på å vassa i saltvatn for å lappa ein leidning som sjøen hadde dradd frå kvarandre på Liereid. Matpausen var på kontoret heime hos Halland i Solheimslio, og intervjuet går føre seg på Hanaleite, der dei har leigd lagerplass i det store bygget på industrifeltet.
Den offisielle oppstartsdagen var 4. januar, men arbeidet med å marknadsføra seg tok til ei tid før det, derfor hadde dei litt å gå til første veka.
Til no har dei mellom anna vore i ei hytte og lagt røyropplegg til kjøken og bad, tint vassleidning, byta varmtvannstank, kopla kjøken og hatt service på varmepumper. Og ein landsens røyrleggjar kan saker ein frå by’n ikkje nødvendigvis har greie på.
Erfaringar
– Eg har god erfaring med distriktsrøyrleggjing, seier Fosse, då han tenker etter om han har nokre spesialfelt. Alt i alt utfyller dei to handverkane kvarandre bra, og kan ta kva som helst utfordring innan faget på strake armar, små og store oppdrag, fortel dei. Begge to har erfaring frå andre yrke.
– Eg hadde tenkt meg vekk frå faget, og prøvde meg såvidt i ein annan bransje, der eg laga tilstandsrapportar på bustadar for sal. Då fann eg ut at det passa meg greit å vera røyrleggjar likevel, seier Fosse.
Dei siste tre åra har Halland både vore gruppeleiar for ei røyrserviceavdeling, med resultat- og personalansvar, og innom grossistsal av VVS-produkt.
– Etter å ha vore på kontor i tre år sakna eg faget, det å skru og snakka med kundar. Det var befriande å koma i gong i januar, og vera sin eigen sjef, seier han, som har 16 år med praksis i røyrleggjaryrket.
Tok sats
Det er mest han som står for kalkulerering, og det blir det ein del befaringar og levering av tilbod no om dagane. Ja, det går litt med av kveldane også, men det må til om ein skal ha meir arbeid. Då dei var kollegaer snakka dei litt om å starta for seg sjølve, men det har ikkje blitt noko av før no.
– Eg blei trøytt av kontorlivet. Det var berre til å ta sats og hiva seg rundt. Ingve var inne på same tanke, då var vegen kort. Me har jobba så mykje i lag, at me veit kva me står for begge to, seier Halland, som har rolla som dagleg leiar.
God start
Nedslagsfeltet er Sunnhordland og Nord-Rogaland, men hovudområdet er her i Sveio. Dei er ikkje bekymra for at det ikkje skal vera nok arbeid å ta av. Dei er kjende med at det er god aktivitet innan feltet i Sveio – dei har også observert røyrleggjarbilar frå Haugesund og Stord på våre kantar.
– Me har blitt godt mottatt i marknaden. Det tar litt tid før folk snur seg rundt, og me får bygd opp ein kundekrets. Ryktet om godt handverk spreier seg, smiler Halland, som alt har fått nye oppdrag basert på ein kunde.
– Mange veit at me er nyoppstarta og treng arbeid. Folk støttar opp, og det set me stor pris på, seier Fosse.