meiningar
Vi krev ein ærleg og demokratisk prosess
Under valkampen i 2019 lova alle partia høgt og tydeleg at dei ville behalde den eksisterande skulestrukturen. Spørsmålet var ikkje til å misforstå, og politikarane visste godt kva dei svarte. Det er lusent gjort å bryte dette løftet no. Også FrP, AP, KrF, SV og dei uavhengige (smak på ordet!) veit det.
Vi er skuffa over FrP, AP og dei såkalla uavhengige, for denne saka dreiar seg om dei minste småknottane våre – meir presist: sju år av skulegangen deira som absolutt ikkje må øydeleggjast med bussing! Og det handlar om bygdene Auklandshamn, Valestrand og Førde.
Å hevde at skule og bygdeutvikling ikkje heng saman, er nonsens. At nedlegging av skulane i Auklandshamn og Valestrand «er til det beste for alle ungane i Sveio», er også nonsens. Det er nonsens oppå nonsens, nonsens av høgare orden. Det er i beste fall eit slagord utan meining (Have a Coke and a Smile!). I verste fall er det farleg politisk retorikk for å skjule noko (Arbeit macht frei).
Dette må gjentakast: Ingen små barn har godt av å miste skulen sin. Ingen – absolutt ingen – har godt av å bli bussa så mykje som det her er snakk om. Slett ingen har godt av å bli stuva saman i ein skule med plassmangel. Heller ikkje elevane og lærarane i Førde har godt av det.
Dei mange gode argumenta for å satse på nærskulen og bygdene som er komne fram i Vestavind, i høyringsuttaler og på facebooksida Ka skjer i Sveio? gjer ikkje merkbart inntrykk på posisjonspartia. Heller ikkje demonstrasjonen på torget i Sveio den 8. mars gjorde det. Innbyggjarane i Auklandshamn og Valestrand føler at dei ikkje blir høyrde, og det gjer vondt.
Den vedvarande ubøyelege tonen frå FrP, AP og dei uavhengige skuffar meg, ærleg talt. Ein kunne like gjerne ha snakka til kommunehus-bygninga. Ho er omtrent like firkanta og steil. Ubevegeleg.
Vi foreldre i Auklandshamn og Valestrand kunne ha lyst til å vere like ubøyelege og nekte å sende ungane våre. Vi krev ein ærleg og demokratisk prosess med eit nytt lokalval imellom (2023), som utan tvil vil snu opp ned på kommunestyret!
Helge Kyvik
Auklandshamn