meiningar

desse små samfunna er det både høgare verdiskaping rekna per sysselsette og høgare eksportverdi enn elles i landet, skriv kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
desse små samfunna er det både høgare verdiskaping rekna per sysselsette og høgare eksportverdi enn elles i landet, skriv kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

«Vi kan ikkje la bygda døy!»

Over heile landet, i små lokalsamfunn, skjer enorm verdiskaping. Det er ikkje i byane at våre viktigaste eksportnæringar held til. Difor er Senterpartiet og Arbeidarpartiet opptekne av levande lokalsamfunn over heile landet.

Nyleg skreiv Synnøve Trampe i Aftenposten: «Jeg elsker bygda, men den bør dø.» Det er drøy språkbruk som i dei fleste samanhengar verkar sårande og vekker avsky. Forsøk å bytt ut «bygda» med noko anna du faktisk elskar.

Mange av våre viktigaste eksportnæringar er lokalisert i distrikta. Her vert det skapt enorme verdiar innan fiskeri, oppdrett, petroleum, energi og reiseliv. I desse små samfunna er det både høgare verdiskaping rekna per sysselsette og høgare eksportverdi enn elles i landet.

Difor er vi avhengig av velfulgerande lokalsamfunn rundt bedriftene og av kompetanse. Eg meiner det er rett av Senterpartiet og Arbeidarpartiet å innføre tiltak som sletting av studiegjeld, billigare barnehage, gratis ferje, billigare FOT-ruter og andre viktige tiltak. Personretta tiltak fungerer og har direkte verknad på folk si økonomi. Både for oss som samfunn og for dei viktige bedriftene, er det naudsynt at folk bor der bedriftene er.

Over heile landet bidreg folk og bedrifter til fellesskapet, og til å gjere Noreg til det landet vi er så glad i. De som elskar bygda veit det. Då skriv ein ikkje: «Jeg elsker bygda, men den bør dø.» Det er ikkje kjærleik. Det framstår som avsky.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp)

Powered by Labrador CMS