Fjellstad og ser utover eit vakkert syn som eg har sett gjennom heile livet : Vigdarvatnet. Frå oppveksten på Tveit i den yttarste utkanten av Sveio skulekrins (nokre få hundre meter frå Viksekrinsen), vidare til seksten år med verdas vakraste utsikt i Mannabergvegen og altså sidan 2010 her på Fjellstad har synet av dette flotte vatnet berika livet. Ironisk nok hamna eg i ein ny utkant: no av Sveio sentrum. Her i dette eine av byggjefelta i sentrum lever folk sine stort sett rolege, vanlege, men lukkelege liv. Rett og slett fordi det er her dei vil bu.
Sit her på
Dette utkantlivet har jammen gitt meg store fordelar opp gjennom livet. Oppveksten på vakre Tveit gav meg sjølvsagt nærleik til naturen og gode band til jamnaldrande og godt samhald i grenda, men i tillegg lærte eg meg at dersom me skulle delta i idrett eller orgelopplæring måtte me forflytta oss nokre kilometer i krinsen. Pappa var glad han fekk følgje meg opp og køyre meg til fotballtreninga (det halve året med orgel trur eg ikkje han likte like godt).Dette føregjekk naturleg nok på Sveio, og kneip det på så tok me sykkelen fatt. Den brukte me forresten også første året på vidaregåande når me tråkka oss dei tre kilometrane ut til riksvegen for å ta buss. Men så fant tanta vår ut at fylkeskommunen hadde ordningar for oss i utkantstrok, og me fekk drosjebil dei to siste åra. Heldigvis blei eg ikkje lat av dette: eg tok opp fotballen gjennom dømming, og jammen kom eg meg ut på det og frå grisgrendte Tveit. Om ikkje pappa stilte opp så gjorde storesøster det.
Idrettslaget har eg vore innom. Det har opp gjennom livet vore ei sann gleda å sjå korleis dette laget har vorte halde i gang av frivillige eldsjeler. Småbarnsforeldre med pressa kvardag, einslege menn og kvinner og eldre har alle ytt si skjerv på forskjellige områder til forskjellige tider. Det same har ein sett i resten av kulturlivet i denne vitale bygda vår.
Som før nemnt lever både eg og andre sine gode liv her i sentrumsbusetjingane som har blitt utselde om dei no har vore kommunale eller private. Og me har dei siste førti åra fått sett ei flott utvikling. I oppveksta var sentrumsbutikken Gerhard Aase sin gamle butikk som Reidar og Svanhild Lier overtok i 1970. I 1982 stod Sveio senter klart, og dette har smått og sikkert utvikla seg til dagens flotte senter som appåtil har statleg leigetakar gjennom Vinmonopolet. Men alt har ikkje gått av seg sjølv her heller, også i dette senteret har butikkar måtta gi seg fordi dei som bur her ikkje har brukt dei nok. Men nok om det negative, me har jo også fått den flotte golfbanen her pluss eit flott idrettsanlegg som stort sett er ført opp på dugnad. Bygdene og dugnad, altså!
Her frå sentrum har me også kort veg til alt det andre flotte som skjer og er rundt om i den fantastiske kommunen vår. Det vera seg næringsfelt på Ekrene (med enda meir alkohol…), støyping til Rogfast i Mølstrevåg , der ein og finn fyrtårnet vårt (!) Ryvarden og dei makalause Flokehyttene, Buavåg med sitt Gullnaust og padel/tennisbane, yrande turistliv i Ålfjorden som har ført med seg Camp Ålfjorden og ein ny festival, Auklandshamn med Nipastova, herlege snupper og døgnopen butikk, flotte Førde med sin næringspark, Rex Garden og ei levande bygd med eit dyktig ungdomslag og lengst nord Valestrand med si kulturkyrkje, eit herleg mannskor og Fartein Valen-arbeidet .
Det einaste minuset er at eg så gjerne skulle hatt eit badeanlegg her i kommunen. Men det er jo viktig å gjera naboane glade, så då får me heller gjera det då.
Helsing munter middelaldrande mann
Arne Tveit Katla