meiningar

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Velg Vestland!

Sveio midt i leio, eller midt i smørauga, på Haugalandet og i Sunnhordland. Meir sentralt er det ikkje mogleg å komma, midt i ein sterk region!

Handel, uteliv samt ulike servicetilbod finn me i Haugesund og på Stord. Her er det mogleg å ha samarbeid i alle himmelretningar.

Når det kjem til val av kva fylke me skal tilhøyra, er mine to viktigaste argument for å velje Vestland desse:

  1. Mot Rogaland er me i sterk konkurranse med Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord. Denne konkurransen vil me tape. Me blir for lette, dei største kommunane vil få størst merksemd. Det kan etter kort tid ende med at Sveio mister råderett over eige område, Sveio blir del av Haugesund kommune.
  2. I Vestland ligg me på linje med meir jamnstore kommunar. Saman med Sunnhordlandskommunane er det mogleg å gjere felles framstøt mot Vestland fylke og på den måten få meir gjennomslag i arealplanlegging.

Det vil og vere mogleg å kunna bli meir tilgodesett på samferdsleområdet samt på kulturfronten. Sveio tener på å ha godt samarbeid med alle kommunane i regionen. Velg Sveio som eigen kommune, la Sveio vere «limet» mellom Haugalandet og Sunnhordland!

Velg Vestland!

Jorunn Skåden

Powered by Labrador CMS