meiningar

Det er nå alltid noko styr med slik flytting, men det kjem heile tida yngre krefter til, så det går bra, skriv innsendaren.

Vær ein edru båtførar

Sommar og sol og båtliv. Det ligg mange gode dagar og ventar på oss.

Trafikken på sjøen er tett mange stader og farten kan vera høg. Båtføraren må vera oppmerksom på andre båtar og «mjuke trafikkantar» som for eksempel folk som badar eller padlar kajakk. I tillegg må ein følga med på draftet og sjømerker for å hindra at ein går på grunn.

Bruk av sparkesykkel fekk nyleg same promillegrense som for bil. Men når det gjeld promillegrense på sjøen er Norge av dei land i Europa som har høgaste grense. Promillegrensa er 0,8 ved føring av båtar under 15 meter. MA-Rusfri Trafikk arbeider for setta ned promillegrensa til sjøs. Sjølv om politikarane nøler med å endra promillegrensa, vil dei fleste småbåt-førarar visa ansvar og tenka på same måte som når ein kjører bil. Men ikkje alle. Alkohol er kvart år hovudårsak til ulykker på sjøen. Enkeltmenneske opplever sorg og store endringar i livet som følge av eigne eller andre sine valg.

MA-Rusfri Trafikk oppfordrar alle båtførarar til ikkje å rusa seg før eller under båtturen.

Styret i MA-Rusfri Trafikk, avdeling Haugaland

Ola E. Alne (leiar, Ølen),Gunnar Stueland (Karmøy),Annlaug Fludal (Sveio),Ole Konrad Innvær (Etne), Trygve Utvik (Karmøy), Arne Meltvik (Karmøy)

Powered by Labrador CMS