meiningar

Bildet viser tre av fire bedrifter på Fjon som ser fram til vatnet kjem. Det er Rørsle, Base Camp Ålfjorden og Fjon Bruk.
Bildet viser tre av fire bedrifter på Fjon som ser fram til vatnet kjem. Det er Rørsle, Base Camp Ålfjorden og Fjon Bruk.

Takk for innsatsen, Sveio-politikarar

Me vil byrje med å seie at me er glade for at dykk brukar mykje av fritida dykkar til det politiske arbeidet i kommunen. Nokre av oss innbyggjarar er kanskje ivrigare med å uttale oss når me er misnøgde, enn når me er nøgde. At dykk lyt bruke fritida dykkar på arbeidet, gjer og sjølvsagt at det ikkje er mogleg å ha inngåande kjennskap til alle sakene dykk behandlar. Det er då me som publikum og aktuelle partar må bidra til at saker får rett behandling.

Me registrerer at fleirtalskoalisjonen i formannskapet ynskjer å utsette eit allereie vedteke og påbegynt prosjekt. Dette er den same fleirtalskoalisjonen som i eit lesarinnlegg i siste Vestavind seier at ein ska ha «Fortsatt fullt trykk på gjennomføring av vedtekne prosjekter».

Prosjektet det gjeld er siste del av vassforsyning til Fjon og er vedteke gjennomført fleire gonger, sist i kommunestyremøta 17. desember 2018 og 9. desember 2019. På Fjon er me fire bedrifter,  12-15 bustadar, ni fritidsbustader samt tre naust som ventar på trygg vassforsyning. Nokre av oss har vatn der det er risiko for e.coli og cyanobakteriar i drikkevatnet, andre har radon i vatnet sitt.

Til orsaking for fleirtalskoalisjonen, så mangla dei tilstrekkeleg informasjon om prosjektet då dei kom med dette forslaget. Dei har no sjølv etterspurd meir informasjon frå rådmann og fått ytterlegare opplysningar frå oss, og me er trygge på at dei jobbar for at det pågåande prosjektet blir fullført som planlagt.

Helsing innbyggjarar og næringsaktørar på Fjon,
ved Nina og Nils Matre

Powered by Labrador CMS