meiningar
Ta klima- og miljøkrisa på alvor – stem grønt i år!
Måndag 6. september tjuvstarta me i MDG Sveio årets strandryddeveke som begynner til helga. Denne gongen rydda me i Breidvika i Valestrand. Når me i MDG fortel at me skal rydda ei strand, så får me gjerne ein slengkommentar om at «ja, det er vel slikt som de i MDG driv på med det». Nei, i utgangspunktet er det ikkje det! Me ryddar gjerne strender som så mange andre, men først og fremst driv me med politikk.
MDG ønsker å gjennomføra ein politikk som fører til at det i mindre og mindre grad blir nødvendig å rydda strender. Uavhengig av politiske grep må me nok alle ut og rydda strender i mange år framover, men med dei rette grepa kan me få bukt med miljøproblema på sikt. Dessutan er det slik at om me ryddar ei strand, så ryddar me berre det me ser akkurat der. Størsteparten av problemet finst derimot under havflata, der dyrelivet tar stor skade av all forsøpling. World Economic Forum anslår at det hamnar heile 8 millioner tonn plast i havet kvart år. Viss dagens utvikling held fram, vil det då vera meir plast enn fisk i havet i løpet av få år.
MDG går til val på ulike tiltak som skal hindra forsøpling av hava. Mykje kan gjerast i tilknyting til ulike næringaktivitetar i Noreg, men mesteparten av avfallet i havet kjem frå heilt andre land. Det er mange land som dessverre ikkje tar miljøproblema på alvor, eller som ikkje har nok ressursar til å ta tak i desse problema. Difor vil MDG:
- Forsterka Noregs innsats for ei forpliktande global avtale som regulerer produksjon, bruk og gjenvinning av plast, og som stoppar plastforsøpling og spreiing av mikroplast i både hav og på land.
- Videreutvikla ein nasjonal plan for full opprydding av plastsøppel i norsk natur innan 2030, basert på Rydd Norge-programmet.
- Halvera bruken av eingongsplast innan 2027, og fremja miljøvenlege alternativ.
- Sørga for ei miljøforsvarleg opprydding av giftige botnmassar og forureining i hamner, elvemunningar og fjordar.
- Fasa ut bruk av jordbruksplast som ikkje kan komposterast fullt ut under norske forhold uten å etterlata seg miljøskadelege stoffer.
- Stoppa spøkelsesfiske med ikkje-nedbrytbart plastreiskap ved å pålegga alle som fisker i norske farvatn å merka alle reiskap, og pålegga økonomisk ansvar for opprydding og miljøskadar.
- Styrka Fiskeridirektoratets program for opprydding av spøkelsesreiskap i norske farvatn.
- Seia nei til all deponering av gruveavfall i sjø.
Klimakrisen er vår tids store fellesutfordring, og samtidig har me ei naturmangfaldskrise som me også må ta på høgste alvor. Livsgrunnlaget vårt forsvinner no sakte, men sikkert, vekk.
I årets stortingsval er klimakrisa løfta fram som den viktigaste saka. Dette sterke engasjement merkar me godt i MDG, og me opplever medlemsauke i både Sveio og landet elles. Dei neste fire åra blir heilt avgjerande for korleis me i Noreg skal kunna skapa ei klima- og miljøvenleg framtid for oss alle. Me vil oppmoda sveibuen til å stemma grønt i år! Godt val!
Styret i MDG Sveio