Det var stor stemning på Ørevik grendahus då Sveio Senterparti samla gamle og nye medlemmer måndag denne veka etter halvtanna år utan direkte kontakt. Ein har merka seg at ikkje alle er like digitale og deltek på nettsamlingar.
Ein annan grunn til den gode stemninga var feiring av valsigeren etter stortingsvalet. Senterpartiet i Sveio auka oppslutnaden med 6,6 % sidan stortingsvalet for 4 år sidan og vart partiet med størst positiv endring av alle partia med totalt 18,7 % av røystene. Det utan å vera alt for mykje synlege på stand i kommunen under valkampen.
Diskusjonen om nasjonal- og lokalpolitikk gjekk livleg rundt langbordet medan pizza og kake blei ete. Folk er spente på korleis den nye regjeringa blir med Senterpartiet til stades.
Elles var fylkestilhøyrsle eit sjølvsagt tema. Meiningane blant medlemane var meir delte enn det kommunestyrerepresentantane frå Sp har synt så langt.
Det blei også tid til innspel om budsjett for det komande året. Fleire var opptekne av å styrka arbeidet med å skapa trygge skulevegar med veglys. Ein blei og minna om å halda saka om utbetring av kommunale vegar frå programmet frå sist kommuneval varmt.
Samlinga på Ørevik gav meirsmak på fellesskap og motivasjon for politisk engasjement for å skapa eit godt lokalsamfunn i Sveio.
Arne Valen
Sekretær
Styret for Sveio Senterparti