meiningar

Illustrasjon med fylkesvåpena til Vestland og Rogaland.
Illustrasjon: Vestavind

Sveio høyrer til Vestland

Me har med interesse følgd debatten i høve denne saka, og har registrert ymse innspel i debatten mellom anna frå politikarane og andre. All debatt skal ein ta med seg, om det er for eller mot fylkesbyte. I høve vår ståstad har me vore opne om vår meining i saka og det er at me høyrer til Vestland fylke. Denne ståstaden er blitt meir styrka etter som me har sett oss inn i saka. Me vil grunngje våre standpunkt.

Eit viktig moment er å halde kommunen samla, frå nord til sør. Me ser frå debattantane, at dette tema er dei ikkje innom. Det viser at dette viktige momentet ikkje betyr noko for dei i deira innlegg, det er ein svakheit for å kunna halda kommunen vår samla. Det å vera ein samla kommune er eit moment me må vektleggja i denne saka. Å enda med ein splitta kommune, er me ikkje tent med. Det var heller ikkje nokon innbyggjarar sitt initiativ, at denne saka skulle takast opp i kommunestyret. Me skal unnlata å nemna kvifor saka kom opp, eg vil tru dei fleste veit det.

Landbruket og deira leveveg vektlegg me særleg, ved at landbruket er den viktigaste næringa i kommunen vår. Deira tillitsmenn har sett seg godt inn i saka og sett kva det vil bety for landbruket, me fekk også stadfesta dette i møte med landbruksdirektørane i begge fylke i folkemøtet dei var med på. Me veit konklusjonen, at landbruket kjem dårlegare ut ved å skifte fylke, det er særleg uheldig og skadeleg for denne næringa.

Skule og vilkåra for våre ungdomar er ivaretekne med fritt skuleval i mellom anna Rogaland, det er ikkje noko moment å trekkja dette i tvil.

I høve fylkeskommunale jobbar, som nokon meiner er få, me ser ikkje at me vil få fleire slike jobbar om me blir rogalendingar. Me skal innrømma at skyss kunne blitt betre for dei sør i kommunen, men ikkje for dei som bur nord i kommunen.

Sveio ligg sentralt til i Sunnhordland med dei føremoner me har hatt gjennom alle år ved å ha ein god fot også i Rogaland. Me meiner vår posisjon er unik ved å vere ein del av Vestland og samstundes vera ein grenselos mot Rogaland. Dette har kommunen vår vore god på, mellom anna kan me takka Jorunn Skåden og hennar forgjengarar for klokskap som ordførarar. Me veit blant anna at Jorunn Skåden blei lytta til i vårt fylke, men også over fylkesgrensa. I dåverande Hordaland fylke nytte ho stor respekt for arbeidet ho gjorde i eige fylke og ikkje minst som god grenselos mot Rogaland. Dette arbeidet ho gjorde og hennar kløkt står det stor respekt av og det har bore frukter til gode for oss alle i kommune vår.

Eit anna spørsmål me vil koma med; kva vil bli betre i Rogaland? Me ser ingen fordeler, me veit me måtte kjempa for kvar krone. Me veit at mellom anna Haugesund og Karmøy er ueinige om det meste, kvifor bli ein liten utpost i dette «vepsebolet»?

Lat oss vera i Vestland, der me kan byggja oss endå sterkare, med ein robust fylkeskommune som er betre enn Rogaland. Me veit ikkje veit kva me går til, men me veit kva me har. Å tru at Rogaland vil ta i mot oss med opne armar og lova oss både det eine og andre, me veit det ikkje bli slik.

Me vil avslutta innlegget vårt med konklusjonen til Telemarksforsking som skriv i sin konklusjon: «Det ser ut til at føremonene, ser større ut å skifte fylke». Ei så vag tilråding frå forskinga kan ikkje bli ei rettesnor. Vår konklusjon er at føremonene med fylkesbyte ikkje er til stades. Dette må me ta innover oss. Sveio høyrer heime i Vestland fylke også i framtida.

17. desember 2021
Dagfinn F. Bjørge
Vidar Høyland
Ole Velde

Powered by Labrador CMS