meiningar
Sveio – ein god stad å bu og leve
Me bur i ein flott kommune – i naturen og nær byen. Mange unge familiar ønsker nettopp dette. Stadig auke i innbyggartal gjer at me no er like over 5.800 sveibuar, og me vil at innbyggartalet skal fortsette å stige. Sveio er ein god kommune å bu i. Visjonen vår er «vilje til vekst og ein god stad å leva».
Som ordførar jobbar eg aktivt for å få fleire til å flytte til den vakre kommunen vår. All planlegging, investering og politisk arbeid gjer me med tanke på at det skal vere godt å bu i Sveio for våre innbyggarar, og samstundes for å få fleire til å flytte hit.
Sveio har gode kvalitetar. Eg meiner me må styrka dei kvalitetane Sveio har for å gjere kommunen enda meir attraktiv som bukommune. Sveio ligg svært gunstig til i høve arbeidsplassar og studieplassar i nabokommunar. Det er kort veg til både Leirvik, Haugesund, Bergen og Stavanger. Her kan du bu nær naturen med kort veg til byen. Sveio har kysten og naturen tett på.
Me treng eit sterkt sentrum og attraktive, levande bygder. Sveio har eit rikt og aktivt lag- og organisasjonsliv, og frivilligheita står sterkt. Sveio kommune si satsing på mellom anna skule og oppvekst, trafikksikring, sentralidrettsanlegg, kultur og turområde er med på å gjere Sveio til ein god stad å bu.
Sjølv om Sveio har hatt ei gradvis auke i innbyggjartal, ser me ei nasjonal sentraliseringstrend. Flyttemønsteret i Noreg dei siste 10 åra viser at fleire flyttar frå distrikta og til byane. Denne trenden må me snu. Me må arbeide for at fleire vel å flytte til regionen vår og til Sveio. Me må utvikle Sveio vidare, til det beste for våre innbyggarar, og for å gjere kommunen vår enda meir attraktiv som bukommune.
Midt i ein sterk region
Sveio ligg midt i ein sterk region, der Sunnhordland møter Haugalandet. Ein av Sveio sine store fordelar er nettopp den geografiske plasseringa. Me har ein stor arbeidsmarknadsregion, med Sunnhordland og Haugalandet tett på som gir mange moglege arbeidsplassar for sveibuar. Me må sjå regionen mellom «Bokn og Bjørnen» som ein felles, stor region. Me må synleggjere all verdiskaping og kompetanse som ligg her. Saman med andre kommunar må me arbeide for at me har ein variert og stor arbeidsmarknad. For skal me snu sentraliseringstrenden i flyttemønsteret, så må me ha arbeidsplassar rundt oss. Heile regionen vår er distrikts-Noreg, og me jobbar godt saman med kommunar rundt oss for å få vekst her. Me treng å få folk til å flytte frå storbyane og til distrikta. Då treng me fleire arbeidsplassar i heile regionen vår.
Me treng sjølvsagt arbeidsplassar i Sveio óg. Me har eit stort fokus på å legge til rette for næringslivet. Me må vere opne for moglegheiter, positive til etableringar og spele på lag med næringslivet. Etablering av ulike bedrifter i kommunen vår er med på å skape viktige arbeidsplassar for noverande og nye innbyggarar. Men me treng arbeidsplassar i heile regionen. Det er derfor avgjerande at Sveio kommune støttar opp om regional utvikling. Det vil gagne Sveio i framtida med tanke på tilflytting og soleis auke i innbyggartal.
Når Rogfast og Hordfast er ferdig, vil me ha ein enda større bu- og arbeidsmarknad med kortare reiseveg. Derfor er desse store vegprosjekta svært viktige for Sveio.
Korona-effekt?
Koronapandemien har vore krevjande på mange måtar, men me har og lært utruleg mykje. Me blei tvungen til å ta i bruk digitale verktøy som me kanskje elles ikkje hadde gjort. Digitaliseringa har kome langt det siste året. Fleire har jobba frå heimekontoret, og det har vist at det er mogleg å bu andre stader i landet enn der du har din fysiske arbeidsstad. Sveio har allereie fått nye innbyggarar som har tatt med seg arbeidet over fjellet.
Eg håpar og trur at me ser meir av denne «korona-effekten». Då er det viktig at me er i front med breiband i heile kommunen – noko me er komne langt med. Det vil òg vere viktig at me bygger kommunen vår enda meir attraktiv, at me har tilgjengelege bustader eller tomter, slik at dei som vil flytte til vår region vel Sveio som sin nye heimkommune.
Sterkt sentrum – levande bygder
Me må utvikle dei kvalitetane me har i Sveio. Sveio kommune er oppteken av å legge godt til rette for alle innbyggarane våre med kvalitet i tenestene. Det som gjer Sveio til ein god stad å leve er blant anna at me har gode lokalsamfunn og bumiljø, gode oppvekstvilkår og fantastiske omgivnadar. Kvar krins i Sveio har sine kvalitetar. Eit attraktivt og sterkt sentrum vil styrke heile kommunen. Me treng å satsa og utvikle kommunen vår, slik som til dømes badeanlegg, fleirbrukshall, aktivitetshus, brannstasjon og ny kommunal barnehage i sentrum som det blir jobba kontinuerleg med. Slike investeringar er med på å gjere Sveio attraktiv.
Ungdomen er Sveio si framtid
Me treng at Sveio sine ungdomar vel å busetta seg i Sveio – dei er vår framtid. Sveio kommune har i ei årrekkje delt ut verdibrev til alle 10. klassingar, som dei kan løyse inn ved kjøp av tomt eller bustad i Sveio. Denne gåva blir gitt for å legge til rette for at dei vel å busetje seg i kommunen vår. Me vil vise våre ungdomar at me treng dei, og at dei er viktige for Sveio si framtid.
Me ser at fleire av ungdomane som reiser vekk for å studere, finn seg jobbar i byane. Me vil at dei skal kome tilbake til Sveio etter dei er ferdig å studere. For å få det til, er det viktig å bygge identitet og tilhøyrsle til heimkommunen. Det er viktig at det er fleire valmoglegheiter av arbeidsplassar i regionen.
Omdømebygging
Eit godt rykte gir positive ringverknadar. Me må snakke fram kommunen vår og at det er godt å bu her. Bygd og sentrum må jobbe saman for vekst. Det er viktig at me satsar på kvalitet i tenestene, at me til dømes har gode barnehagar og skular, eit variert tilbod av fritidsaktivitetar til barn og unge, ei god eldreomsorg. Alt dette er med på å skape eit godt omdøme for Sveio.
Me må saman bygge kommunen stein for stein, og planlegge for utvikling og vekst.
Linn Therese Erve
Ordførar i Sveio