Makan til krevjande sak og prosess har me ikkje vore borti nokon gong, og det er difor svært godt å sjå at me har fatta eit vedtak som peikar inn i framtida. Ei samanslåing ville for oss vore det mest robuste og framtidsretta vedtaket med ein fulldelt skule i Førde frå ei skulepolitisk vurdering, men det kunne ikkje la seg gjennomføre på ein god måte slik stemninga er no.
Me tar på alvor den sterke kritikken mot prosessen, og me var inne på å utsetje saka for å kunne gjere prosessen enda betre. Etter mange rundar med utsetjingsforslaget falt me ned på at det ville vore svært uheldig for elevane, tilsette, føresette og lokalsamfunnet å leve i uvisse i enda fleire månader. Det ynskjer me ikkje å utsette nokon for.
Måltal på 40 og optimisme i bygdene.Vedtaket me no har fatta byggjer på ei tru på at bygdene kan få til det dei har førespegla oss i kampanjen og at me difor lyttar til innbyggjarane. Den energien og det engasjementet som no er vist i fleire veker og månadar, gir grunnlag for ei framtidstru med auka folketal med born i skulepliktig alder i bygdene. Me har samstundes respekt for den forskinga som ligg til grunn for dei demografiske framskrivingane frå Telemarksforskning, og har difor sett eit måltal på 40 elevar over to år for eit minimum for skuledrift.
Dersom elevtalet blir under 40, vil me be om ei sak som skal ta opp spørsmålet om strukturendring til ny vurdering. Det vil i praksis seie at me ser fem grunnskular i kommunen i «all» framtid, når me vel å tru på den sterke optimismen me ser i bygdene, for elevtalet vil då vere langt høgare enn 40 dei neste 10-20 åra. Då skal ikkje Sveio Ap vere med på å dempe denne optimismen, men heller støtte opp om den.
No er det tid for å sjå framover. Me vonar at mange har lært mykje og blitt klokare i prosessen. Det har i alle fall me. Me vil rette ei takk til alle som har støtta oss i «stormen», og delt dei same tankane som oss i øve skuleutvikling for elevane i Sveio i framtida.
Me har alltid hatt respekt for gode meiningsbrytningar og at me ikkje alltid er einige i sak, men me har også blitt forferda over korleis medmenneske i sosiale medium, telefonoppringing frå ukjent nummer, SMS og gjennom dagspressa har tydd til personangrep, sjikane og harselering mot folkevalte som er sett til å tene eit folk som også er ueinige i ei sak. Vala må me sjølv ta når dagen er omme, og me vonar at me i framtida kan vise eit positivt og flott engasjement utan å vere stygge mot kvarandre.
Beste helsingkommunestyregruppa til Sveio Ap
Linn Therese Erve, Håkon Johnsen Skimmeland, Asle G. Halleraker, Maren Kristine Lye Bårdsen, Ingrid Pedersen Furdal, Torgeir Katla og Svein Magnar Nesse.